BIRKELAND

Gnr. 25-26.

Garden har heller tunt jordlag, og det har nok vore elvebotn lenge etter istida, liksom på Konemo-sida. Namnet kjem av gamalnorsk birkistad med bjørkeskog. Ståle Osmundson, Birkeland, lensmann, er nemnt i 1600 som skattytar. Garden var på 6 huder og rekna mellom dei «fulle» gardar når det galdt militærlegda. Det var vel denne Ståle som var lensmann kring 1600 åra. Han ætter frå Kvinesdal der han åtte mykje jordeigedom.

I 1598 stemde Gammel Moy på gardane Vatland, Senland, Versland og Arstøl som hadde høyrd til odelen hans frå gamalt, men var blitt fråselt for over 100 år sidan. Ståle vitna då i saka at far hans heitte Osmund Tollaksen og var født i Kvinesdal. Ståle vann saka mot Gammel Moy (Kv.dal I). Den munnlege tradisjon fortel ennå om den store jordeigaren som åtte heile Birkeland. Han delte garden i to mellom ein son og ei dotter (eller mellom to søner). Det må vere dei som er nemnt i jordboka frå 1618, då er Hårek nemnt som eigar av 3 huder «med sine medeigere» (borna). Onund eig dei tri andre huder. I tillegg eig Hårek 2 h. i Gyberg (halve garden). I 1611 betala Hårk krigsskatt av 6 huder med 11/2 rd. Det er elles nemnd at han eig jord både i øvre og nedre garden. Det same stend det om Onund.

I 1617 er nemnt Thiodje som betala landskyld av 5 huder med 5 ort. (Dei åtte altså jord kringom på fleire gardar.) Dette år er nemnt at Hårek betala skatt av 11 huder og 3 engelsk med 1 rd., og Anund det same. I 1618 betala Anund 5 V2  ert i landskyld av 6 huder, og slik betala dei kvart året utigjenom, for dei var millom dei aller største jordeigarar i heile Vats tinglag. Dei åtte vel ikkje alt, men betala 6g landskyld av den leigde jorda. Det var billig arbeidskraft å få, og det sat nok fleire husmenn på deira jord. 1 1664 var det 15 husmenn i heile bygda. 1 1625 betala Hårek skatt av tretten huder med 4 rd. 1 ort 8 sk. Skattane kom til visse tider og veksla i storleik. 1 1639 er det unionsskatten som dominerer med V2 rd. pr. hud til mikkelsmess og jol. Og slik heldt det på utover til 1642 at desse to feggane representere garden som skattytarar, Hårek og Anund, for kvar sin halvdel av Birkeland. (Dottera i segna kan gjerne ha vorte gift med Anund.) 1 1646 er nemnd at Anund Øvre Birkeland «med sine medeigere» eig 3 huder i Ø. Birkeland. I Homeland i A sokn 1 hud, i Røyseland i Aseral 1 hud (heile garden). Garden var nå delt mellom hans barn, men Anond var oppførd som skattytar og eigar. 1 1620-29 er Huje oppførd som husmann med V2 rd. i skatt. (Det ser ut som at Anen sat på Øvre- og Hårek på Nedregarden då dei betala Aker-husskatten i 1624-30.)

I småkongetida, før Harald Hårfagre samla Norig ca. 872, gjekk der ein gamal kongeveg gjenom dei indre bygder frå kongsgarden på Odder-nes vest igjenom bygdene til Ryfylke. Det var ymse kvileplassar på denne

209

[bilde Birkeland.]

ruta der kongane stansa og fekk seg mat og losji. Dei ligg vestetter som perler på ei snor. Desse gardar blei Pålagt ein serskild skatt som dei betala til kongen kvart år, lenge etter at dei kongelege reiser var slutt. Skatten heitte «Utskyld», og gardane heitte «Utskyldsgardar». Tilslutt hadde folk gløymt kvifor sume gardar fekk denne serskatten. Sume fylke søkte om å sleppa fri denne serskatten, og det blei dei. Dei som ikkje søkte, betala framleis ei tid. Styresmaktene etter Haralds tid hadde gløymt å stryka denne skatten. Birkeland og Gyberg i Hægebostad var Utskyldsgardar med V2  løb. talg til året i skatt. Det blei mykje talg for for dei kongelege styresmenn å ta i mot frå alle utskyldsgardar frå «Otrunes» til Jæren.

I 1646 er nemnd fleire gardeigarar på Birkeland: Gunder B. eig Nere Birkeland 1 hud. Omund eig i same gard 1/2 hud — 1 5/6 engl. Ståle eig 1/2 hud — 1 5/6 engl. Ståle eig i Werrisland 1 hud (det er vel soneson til Gamlelensen. Ståle). Paul (Poffuel) Bloge eig i Birkeland 3 engl. (Han var son til Hårek.)

Så har me 5-6 knivstikksaker med bøter på nokre daler, og eit par «leiermålssaker» som kosta 6 rd. i bot på kvar. Og tilslutta «Fredrik Bir-keland och hans søn Jørgen dømt til 8 ørtuger og 13 ort sølvi bøter for Paul Hårekson de med hug og slag hadde overfaldet». Dei bøtte 6v2 dr. 1 ort i 1639.

I manntalet 1664 har me desse bønder i Skotherad (Hægebostad) nemnt:

210

[bilde Birkeland.]

1. Obmund Fredrikson, dsk. 1680. Han var gift med Ingeborg Jacobsdtr.

2. Ståle Fredrikson, 40 år. Desse brørne var trulig sønesøner til lensm. Ståle Osmundson, B. 3. Jakob Pedersen 78 år, Øv. B. Tollak Obm.son 25 år. Anund 32 år (t. dreng Gunder Eriksen 16 år). Dei tri siste på Ø. Birkeland.

På Nedre Birkeland budde nå: i 1665: Sigmund Gundersen, lensm. — 30 år gl. Obmund Anenson, 50 år. Laurits Jacobsen, 38 år. Søfren Salveson, 52 år. Torkel Ånenson, 60 år. Søner: Salve Sørensen, 14 år. Stigan Torgieson, 16 år. Tor Tollachson, 16 år. Aslach Sørensen, 13 år. Husmann: Sven Anderson, 60 år. Desse namna fekk ein att seinare i ættene, og mange kan rekna sine aner attende til desse.

Han som åtte heile Birkeland var jorddrotten lensm. Ståle Osmundson. Han betalte skatten for heile Birkeland i 1600 med 60 skj. Etter segna delte han garden mellom to born: Hårek og Anund, nemnd i skattelistene i fyrstninga tyrstninga av 1600 åra. I Birkelands manntal 1618 er nemnt at Birkeland er på 6 huder og 1 ødegård. Hårek og medeigere har 3 huder, och Omund (eller Onund) eig dei andre 3 huder.

Det er nemnt i militære rulle dette år at leiglending Ola Uttormson, 50 år, har tient kongen i 10 år.

I matrikkelen frå Lista Lehn stend det om Øvre Birkeland: «3 oppsiddere, bondegods, skoug til brendefang. Ingen sætter, intet fiskeri. 2 flomkverner. Landgård, læt og tungvunden. Sår blandk. 9 t. Før 2 hæster,

211

[bilde Birkeland.]

16 nød, 24 fænner. 12 1/2 lispund tunge eller 2 1/2 hud, forhøyet 1 1/2 engl. Akkurat det same stend det om Nedre Birkeland.

Så har me skattetaxta som rentekammeret sette i verk 1802 i Lister fogderi, føreteken av lensmann Sigbjørn Gahrson, med hjelp av «de pålidelige menn» Anders Sigmundson, Birkeland og Anen Rasm.son Gyberg: Øvre Birkeland skylder 2 1/2 hud, har 3 oppsiddere som tils. sår 10 1/2 t. korn, auvler 5 fold. 3 3/4 t. poteter — 5 fold. Føder 3 hester, 15 høveder, 60 småkreature. Har overflødig skoug og kvernebrug på en anden gård. Taxeres for 450 rd. pr. hud.

Nedre Birkeland, 2 1/2 hud, har 4 oppsiddere som tils. sår 10 3/4 t. korn — 5 fold. 3'/2 t. poteter. Før 1 hest, 15 høveder, 52 småkreature. I øvrig som Øvre Birkeland. Taxeres for 450 rd. pr. hud, undtagen Ola Tosten-sons brug falder noget ringere og taxeres for 400 rd. pr. hud.

Etter delinga har Birkeland Øvre og Nedre hatt kvart sitt gards-nummer. Borna etter dei to eigarar etter Ståles søner, Hårek og Onund fekk etterkvart små gardlappar av foreldra som betalte skatten for dei. Det blei på denne måte snart mange oppsitjarar, også framande gifta seg inn, eller dei arva jord med konene. Men dei gamle namna i sume slekter varde lenge: Såsom Sigmund, Lars, Tosten og Karl, m. fl.

1. Eigarane frå 1646: Siri Anonsdtr., dødsskifte etter henne i 1683. Ho var g. 1. med Gunder (Sigmundson) n. 1646 som eigar av 1 hud i N. Birkeland. Siri g. 2. med Tharald Gyberg (ingen barn). Barn i 1. akt.: Sigmund, Fredrich, Torbør, Inger Moi, odelsgods 1/4 hud, pantegods

212 

1/4 hud (dette blei tilsammen 1/2  hud. Garden blei vel delt mellom Sig-mund og Fredrich, dersom ikkje enkja fekk det halve.) Sissel Gunders-dtr. g. m. Erik Olson, Gyberg. Ho d. 1680. Han frå Duken. Ei jenta, g. m. Omund Anenson. Ho død før sk. 1683. Denne slekta ætta nok frå lensm. Ståle Osmundson, Birkeland.

2. Lensmann Sigmund Gundersen, n. 1664 og 1698. Han var lensmann då Salve Tingvatn var ettersøkt i 1691 då kona hans var drepen og Benten og Bodil blei teken og avretta. Sigmund var gift med Torbør Karlsdtr. Dei hadde desse borna: Mads, død (1 son) Nils, Ståle, Gunder og Karl. Siri, Anna, g. m. Ansten Calson, Gletne, Torbør og Maritte. Ei av desse jentene var med og vakta på Benten og Bodil i låven hos lens-mannen. Det var klein arrest, difor sat 3 karar og lensmannsdottera som vaktmenn. Då Benten skulle ut for «seg sjølv», så røymte han, og Bodil etter, men ho blei hukka att då lensm.dottera tok henne på sprang. Dei andre karane greidde ikkje å fanga Benten, men lensm.jenta sa at ho skulle fint ha greidd å teke Benten 6g, hadde gutane passa Bodil.

Sigmund og Torbør hadde mykje trubbel med sonen Ståle som var eigenrådig og vand å ha med. Foreldra sende han difor tilsjøs i marinen. Han var heime att i 1698 fyre jol. Ei vikes tid fyre jol tok berklending-ane til å smaka på joleølet som då var skjekt opp. Det må ha vore fælt sterkt, eller det var det frykta skjeksøl som dei blei sjuke av, sidan verknaden blei så obbo. Tri søner av Sigmund var med i Storosa på Birkeland: Nils, Ståle og Karl. (Gunder var gift og fråflytta.)

Ståle kom inn til naboen Lars. Her kom han i slagsmål med den unge sonen Tosten Larsson, dei stakk med knivar mot einannan så hendene blei bare skinnfiller. I næste omgong kom Osmund Larsson med, og brørne til Ståle: Karl og Nils. Dei slost på tunet i myrkret med vedskier, øksehamrer, skora og sabel. Gamle-Sigmund fekk 4 knivsting og kona hans, Torbør, eit i ryggen. Gamle-Sigmund sa han gjekk i «grå kjole» som gav han stinga. (Det var då klededrakt som i vikingtida.) Sjå elles den framifrå attgjevinga i Fjotland II av Johan Jerstad. Ståle reiste til Spania for å lækje holsåret under hjarta som Osmund hadde gjeve han. Han kom ikkje heim att frå denne turen. Det var skifte etter Sigmund lensm. i 1709. Her er ikkje Ståle nemnd mellom arvingane. Sigra. let etter seg då 119 rd. i lausøyre netto. Dessutan jord i Birkeland på 1 hud 15 engl. i Ø. Snartemo, og i N. Snartemo 1/2 hud. Tilsaman 2 huder og 5 engl. Skiftet etter Torbør stod 1716.

3. Det blei nå Karl Sigmundson som fekk garden, og seinare lensmanns-ombodet i Hægebostad. Han fekk kona frå Fjotland: Asgier Pedersdotter, Kvinlog. Sjå Fjotland I. Det er dødsskifte etter Karl 1733. Dei hadde då borna: Sigmund, f. ca. 1711. Peder, f. 1712 — d. ug. 1755. Ståle, f. 1721 — d. ug. 1746. Torborg, g. m. naboen Lars Tostenson B. 1731. I skiftet etter Karl var der brutto 168 rd. — 129 rd. netto, dessutan jord i B. Ø. 8 engl. + 5 engl. som enkja skilde seg att til livebrød for seg.

4. Sigmund Karlsen, f. 1711 — d. 1779. Vigd 1734 med Gunhild Anens-dtr. Tingvatn. Dotter etter Anen Gahrson, Hægebostad, (mor hans heitte Gunnhild), og Askier Tostensdtr. Urestad. Gift 2. m. enkje etter Rasm. R. Tingvatn, Berthe Wermundsdtr. Tingvatn, då Birkeland. Vigd 1756 (ho 51 år), død 1788 - 83 år. Barn i 1. ekt.: Karl, f. 1741. Anen, f. 1745,

213

død ug. 1779. Ståle, f. 1749. Sigmund, f. 1754. Asgier, f. 1735. (Ståle g. m. Asgier Simonsdtr. Hægebostad. Vigd 1781.) Ved skiftet 1779 var Sigmund (f. 1754) «Øster på landet» i arb.)

4b. Broren Peder Karlson, f. 1712 - dødsk. 1755, ug. Syskena var: Sigm. og Torborg. Det var bare 2 rd. netto. Peder måtte «stå offentleg skifte» 1746 for «Herrens nadvers forsømmelse både år og dag».

5. Karl Sigmundson, f. 1741, N. Birkeland. Vigd 1. m. Guri Olsdtr., Bjærum 1764.

Som før fortalt vart Gunvor Stenersdtr. enkje etter Ola Sigmundson, Snartemo, gift att med enkjemannen Thore Stenerson frå Mosland, Konsmo, i 1799. Thore kjøpte då gard på Birkeland, bnr. 1 av Søren Tollachson for 999 rd. (Den 1. kona av Thore heitte Ingeborg Anensdtr., og det var sk. etter henne 1798.) Garden han kjøpte var på 15 engl. Thore selde skog for 120 rd. I 1804 var Gunvor død og det var skifte etter henne. Buet var på 1165 rd. brutto. Netto 519 rd. Det var altså svært rike folk. Garden blei nå sett i 999 rd. 120 rd. (for skog), att 879 rd. I skiftet er nemnt at Gunvor hadde 5 born i 1. ekt. med Ola Sigm. Snartemo, deriblant Asne, g. m. Tarald lensm. som nå budde på Gumpen. Formynder for borna blei: For Sigm. Olsen: Kurator Syvert Vatne. Gunvor: 24 år, form. Ola Olsen, Monen. Asne, 18 år: Form. Tarald O. Gyberg. Anne, 14 år. Siri, 10 år.

Thore Stenerson gifta seg 3. gong med Jora Adsdtr. (Olsdtr.?) Ø. Gys-land, 1808, men han døydde straks. Det var skifte etter han 10. mai 1809. I sk. etter han var der ei dotter Matea Thoresdtr., verge for henne blei Sigm. Karlson. Det er n. i sk. at Sigmund Karlson var skuldig til buet 364 rd. for han hadde kjøpt 7V2 engl. jord av sin svigerfar for 440 rd. Buet var nå på 1037 rd. brt., netto 574 rd. Simon fekk skjøte på 7 1/2 engl. «med andel i Loka» 1809. Hugs at Simon K. var'gift med Steinvor Thoresdtr., dotter til den fyrste kona av Thore Stenerson: Ingeborg Anensdtr. Mosland. Dødssk. etter henne i 1778, 15 engl. gard, ho var då ca. 30 år. Barn etter henne: Sigmund, f. 1765. Ola, f. 1771. Gunnhild, f. 1767. Barbro, f. 1775. 2. kona blei Ahlet Anensdtr. Dukå, Hundeland, vigd 1778. Barn i 2. ekt.: Guri, f. 1779, d. 20 år ug. Simon, f. 1781. Sidsel, f. 1784. Anen, f. 1792. Så døydde Ahlet same året truleg på barselseng med Anen, 46 år.

Karl var like huga på ekteskap og blei gift 3. gong med: enkje Asgier Larsdtr. Hobbesland, vigd 1793 - ho døydde alt i 1801 - 58 år gl. Og 4. gong gjekk han på friarføter til enkje Adriane Johnsdtr. Ogedahl, truleg Bjelland, same året, 1801. Ho levde til 1821. Karl døydde i 1825 - 84 år. Det var skifte etter fyrste kona Guri Olsdtr. i 1778. 3 barn levde då: Ola, 7 år. Gunhild, 10 år. Barbro, 3 år. Enkjemannens odel var 15 engl. i Birkeland. Innt. 294 rd. utgift 93 rd. Skifte etter 2. kona Ahlet Anensdtr. To barn levde nå: Simon, 12 år og Sissel, 8 år. Jordegods nå 1 hud i B. Skifte etter 3. kone Asgier Larsdtr. Hobbesland. Ingen barn her. Arvingane var hennar fyrst avdøde mann Elling Olsen, Hobbesland og 3 søner:

1. Ola Ellingsen, død, etterlate 2 døtre på Hobbesland: la, Torbor, 13 år. 2b, Ingeborg, 9c år, formynder farbror Lars Ellingsen, Øydne (Loka).

2. Lars Ellingsen, Ytre Øydne, myndig, tilstades idag. Ansten Ellingsen, m. Brutto 412 rd., netto 228 rd. ved sk. 1801. Jordegods V2 hud som var

214

[bilde: Kurs i grønnsakdyrking på Birkeland ca. 1920.]

mannens odel, framlagt sk. etter 2. kone Ahlet Anensdtr. 1793. Taxt då 160 rd. Nemnt då at dei fyrste borna Sigm. Karlson hadde fått 91 rd. og systra Barbro 25 rd. (Lars Ellingsen, Øydne, kom seinare til Loka.)

6. Ola Karlson, f. 1771 - d. 1805. Vigd 1791 med Mari Olsdtr. Bjærum. Barn: Guri, f. 1794. Karl, f. 1797. Karl, f. 1799. Ingeborg, f. 1801. Simon, f. 1805. Så døydde Mari og Ola blei gift 2. gong med Ingeborg Olsdtr. Barn: Karl, f. 1827. Siri, f. 1831.

6b. Broren Simon Karlson, f. 1781 (av 2. ekt.). Vigd 1803 med Steinvor Thorsdtr. Birkeland, d. 1815. (Dotter til Thore Stenersen?, han g. 3. g. m. Jora Adsdtr. Ø. Lysland, 1808.) Steinvor, f. ca. 1790 - d. 25 år. Ho hadde barna: Karl, f. 1808. Thore, f. 1811. Ola, f. 1814. Så døydde Steinvor dette bilet, truleg på barnseng i 1814. Sigmund gifta seg då 2. gong med Gunhild Stålesdtr. Birkeland i 1816. Barn i 2. ekt.: Ståle, f. 1817. (Han reiste til Canada 1864, sjå der.) Steinvor, f. 1820. Ola, f. 1822. Ane Maria, f. 1825. Så døydde Gunhild 1826 - 45 år. Simon gjekk nå faren «ein høg gang» meddi han gifta seg 3. gong med «arbeidspipe» Anna Pedersdtr. Bjærum i 1829, ho 36 år gl. (f. 1793 - d. 1864). Forlovarar: Tosten T. Urestad, Ola Ståleson, Snartemo. Barn i 3. ekt.: Peder, f. 1836. Budde Livdalen, Bjærum - d. Helle. Gunhild, f. 1831. Simon kom på sokna og døydde som fattiglem på Bjærum i 1855.

Det var nok ringt med arbeid for folk og lite og inkje å teva med dei små dagløner på 80 øre dagen. Det var Amerika som lokka med sine forlokkande jordvidder og høge månadsløner. Ståle Simonsen, n. ovanfor, ville også til Amerika, men han måtte få hjelp av fattigkassa til biljet og

215

utstyr for reisa. Han var nå 45 år og åtte ingenting, ser det ut for. Her er ei lang rekning over utstyret som sokna skaffa Ståle frå ein kjøpmann i Mandal:

«Nota over utlegg til frakt og proviant til Ståle Simonson, Birkeland, for hans reise til Qvebekk, Canada, etter ordre frå fattigkommisjonen i Hægebostad, 1862: Fra kjøpmann H. C. Lautrup, Mandal:

_________________________spd.__ort__skill.
Frakt (biljet) til overreisen         12 — 0 — 0
180 stk. skipsbrød                     7 — 4 — 14
4 skj(epper) bløde brød (lefser?)  0 — 2 — 0
1 R. røget kjød                          1 — 1 — 12
Flesk for                                   0 — 2 — 12
1 skjeppe poteter                       0 — 1 — 16
3 nottung bygmel                      0 — 3 — 0
1 nottung erter, 1 nottung gryn   0— 3— 6
4 ? kaffi og 1 S. sukker             0 — 4 — 22
4 torvesekke og 3 poser             1— 1— 0
42 potter øl a 4 sj.l. anker 60 sj. 1 — 4 — 12
1 gryde, 1 kaffikjele                  0 — 2 — 16
Sæbe 8/sj.edikke 4/sj.                0 — 0 — 12
______________________________________
                                              29      2       16
       Commisjon 2%                 0       3       0
______________________________________
                                        Tils. 30 — 0 — 16
6% rente i 6 mndr.                      0 — 4 — 12 
______________________________________
                                                  31 — 0 — 4

Mandal 7 april 1862 — Mottatt av kjøpmann H. C. Lautrup,
11-2-1864.          Ståle Simonson, Birkeland, m. p. p.

I 1834 sel så Simon Karkon 1/2 garden, bnr. 1 til sonen i 1. ekt. Thore Simonson, f. 1811 — 10 engl. for 100 spd. — tl. 1834. Simon sit att med bnr. 4. Han blei gift med Randi Olsdtr. Eikeland, vigd 1835. Men Thore sit ikkje lenge her før han kjøper garden, bnr. 7 «Fjeddåna» på Eikeland med bnr. 8 for 820 spd. i 1838 og flytter dertil. Fjeddåna var på 11 engl. Bnr. 1 på Birkeland sel han til Torje Taraldson, Røyseland — 6 engl. (altså ikkje heile garden) for 610 spd. i 1837. (Han tente godt på handelen.) (Han sat nå att med 4 engl. — bnr. 3 — som Thore selde seinare til Ola Danielsen — tl. 1868.) I 1874 er tinglese ei ny frådeling av bnr. 1 som Torje hadde. Skylda blei på den nye parsellen 5 skjeling til Tobias Olson, bnr. 2, Monen. Med Torje (kyrkjebyggjaren) kom garden ut av ætta. Om Thore Simonson — sjå Eikeland.

216     BIRKELAND

8. Bror til Thore — Karl Simonson, f. 1808 — sat på den andre halvpart av bruket som hadde fått bnr. 4. Han var gift med 1. Anna Trondsdtr. Kjellingland, f. 1810 på Austre Sandvatn av foreldre Tron Kjellingland og Barbro. Vigd 1829. Anna d. 1859 — 49 år. Barn: Steinvor, f. 1830. Berthe Maria, f. 1832. Anne Marie. f. 1834, død Kollemoplass 1856. Oline f. 1836, g. m. Karl Anstenson, B. Simon, f. 1838. Anen, f. 1854.

Karl Simonson selde garden, 10 engl., i 1837 til lensm. Tobias Taraldson, Helle for 560 spd. Han arrrast ut slik at han måtte selja Birkeland og kjøpte att plassen på Kollemo i 1850. Då Anna var død, gifta Karl seg att med enkja Asa Peersdtr. Klungland i 1861. Han 52 og ho 33 år. Han var husmann og fattiglem på Plassav. (Asa dotter til Peder Torj. og Ingeb. Thorsdtr. Klungland.) Karl og Anna budde 6g ei stund på Karlsplass under Hægebostad. Her blei «Dom»-Anna født i 1845.

Dei kalla henne 6g Anna-Øyretaus, for ho høyrde ingen ting, men las på munnen. Ho hadde 6g talefeil, og var vond å skyna. Ho blei tilslutt gift med enkjemann Tobias Ståleson, Ydestad, og budde på Gysland.

Etter at den gamle slekta etter lensm. Sigmund Gundersen flytta vekk frå garden då Thore Simonson selde til Torje Taraldson i 1837, kom garden litt etter kvart i mange handeler.

Kyrkjebyggjaren, bnr. 1. N. Birkeland.

Torje Taraldson, f. Røyseland 1806 — 1889. Han flakka frå gard til gard før han slo seg ned for godt på Birkeland. Det var vel han som bygde dei store tvihøge husa som ennå stend på bnr. 1.

Han blei 1. gong g. m. Anna Anensdtr. Vestervik i 1832. Ho 30 år og han 26. Det fyrste barnet blei født på Kollemo: Oline, f. 1833. Andre barn: Tobias, f. 1836 på Røyseland. Tobias, f. 1838 på Birkeland. Anen Tobias, f. 1842. Alle desse borna døydde små, så det blei ikkje ættlingar etter Torje. 1. kona Anna død 1868 — 70 år. I 1864 var han med og stifta banken. Torje blei g. 2. g. med Asa Larsdtr., Grindheim (gamal jenta på 55 år. Vigd 1871, ho død 1883. Han blei 3. gong gift med Rakel Pedersdtr. Tjønås, Laudal — 47 år i 1883. Torje var ordførar i mange perioder. Han føyde ofte protokollen i kommunemøtene sjølve, men det er mest uleseleg for folk nå. Han skreiv ofte kontrakter og skjøter for folk. Han kunne lesa gotisk skrift, og difor kom folk med gamle dokumenter og skinnbrev han skulle lesa for dei. Tilslutt hadde han ei heil samling med gamle brev og dokumenter på gotisk. Folk gjekk berre frå dei hjå han til han fekk tid til å sjå igjenom dei, og så blei dei liggjande. Etter hans død blei der registrert ei eller to kister med gamle dokumenter, men ingen hadde vit til å ta seg av dei for ettertida. (John Helle baud 100 kr. for dei), men Maria brende dei heller opp. Ho var vel redd å sleppa dokumenta på «vidåsen». Og dermed gjekk ein stor del av vår soga tapt. Folk har vore sers gode til det her i bygda. Det beste gardsarkiv har eg funne hos John T. Helle. Han har verna godt om gards-soga på Helle. Sjå om kyrkjebygging under Hægebostad.

I folketelt. 1875: Då var Torje postopnar. Kona Anna Larsdtr. losjerede: Torkel Tostenson, Urestad, em., smed. Søren Endreson, fattiglem. 5 kyr, 2 ungn., 12 sauer, 4 geit. Sår litt kveite, litt rug. 1 t. blandk. 22/3 t. havre. 4 t. poteter.

217

2. Enkja Rakel Pedersdtr., f. 1836 - d. 1920, vart gift att med Lars Tobiasson, Naglestad, 1866 - 1937. Vigd 1890. Han fekk tvangsauksjons-skjøte i 1907 for 4000 kr. Det blei Lars si brordotter som nå fekk garden:

3. Anne Maria Taraldsdtr. Naglestad, f. 1870. Ho blei gift med Tarald Karlson Høyland 1902. Sonen Karl blei født 1903 på Naglestad. Tarald døydde tidleg. Maria flytta ned til Birkeland til farbroren truleg då han blei enkjemann. Lars lånte pengar på pantobligasjon av John Anderson, Birkeland. Han sette slåtta Sparogdal i pant i 40 år i stadenfor renter, som var vanleg før i tida.

4. Karl Taraldson, Birkeland, f. 1903 - d. 1949 ved ei sagulukka. Vigd med Ingeborg Olsdtr. Mydland. Barn: Anne Marie, g. m. Torleiv A. Loka, Birkeland. Toralv, g. m. Ellinor frå Brooklyn. Tordis, g. m. lærar Karl Verdal, Birkeland. Ola, g. m. Liv A. Helle i 1964.

Toralv og Ellinor bur f. t. her. Dei har fleire barn. Dei blei gift i Brooklyn.

Kyrkjebyggjaren, brur. 1. N. Birkeland.

1. Omund Ånenson, n. 1664. Han var lagrettemann i skiftet etter Asa Salvesdtr. Tingvatn 1669.

2. Lisle-Sigmund Omundson, dødssk. 1714. Han var gift med Asa Tostensdtr. Urestad, d. 1711 (foreldre Mette Pedersdtr. og Tosten). Barn:
+ Omund Sigmundson, f. 1710 - d. 1717. Fadder: Asgier Obm.dotter. Mette Sigmundsdtr., g. m. Anders Atlakson, Gletne (med han kom An-dersnamnet til garden).
+ Randi.
+ Inger, g. m. enkjero. Torkel Bjøruson, Naglestad (han frå Tidsland, Laudal, g. før m. Gunhild Gardsdtr., Naglestad, vigd 1724).
Det var ved skiftet etter Sigmund 9V2 engl. jord i B. Ca. IV2 engl. i Fåland. Ca. 1/9 engl. i Nerstøl, då sat enkjemannen med noko av garden. I skiftet etter Asa i 1711 var der 162/3 engl. jord i Birke-land, 8 eng]. i Fåland. Mette og Anders hadde fått noko av garden då Aså døydde, og då Sigmund døydde, fekk Mette og Anders heile garden (for den einaste guten var død). Etter Asa tok Sigmund att 4 2/3 engl. til liv-berging for seg sjølv, og etter han fall det attende til garden.

3. Mette Sigmundsdtr. Birkeland, vigd 1712 - dødssk. 17 . Ho blei gift med Anders Atlakson, Gletne, dødssk. 1744. Barn:
+ Sigmund, f. 1715.
+ Torgius, f. 1718, død i Holland, sk. 1763, litt under 2 engl. jord etter han.
+ Omund, f. 1722 - i  1763 tilsjøs frå Amsterdam.
+ Sidsel, f. 1726, g. m. Tallach, Gysland.
+ Åsa, f. 1735, ugift i Amsterdam i 1763. Broren Sigmund formynder for Asa. Det er 16 2/3 engl. ved sk. i 1744. 166 rd. for garden. Brutto 253 rd. -- 73 rd.

4. Sigmund Anderson, Birkeland, f. 1715 - d. 1770. Vigd 1747 med Anna Andersdtr. Gletne (trulig syskenbarn). Ho død 1794 - 70 år gl. Barn:
+ Mette, f. 1748, g. m. Salve Olson, Loka, Gyberg i 1771.
+ Anders, f. 1751.
+ Anders, f. 1751, flytta til Skjeggestad?
+ Anders, f. 1755.
+ Tron, f. 1760.
+ Torgius, f. 1766. Jord 16 2/3 engl.

5. Anders Sigmundson, f. 1751 - d. 1833. Vigd 1773 med Torborg Johnsdtr. Snartemo, f. 1756, d. 1838 - 82 år. 13 barn:
+ Simon Anderson, f. 1775.
+ Anna, f. 1776, g. m. skoleholder Tormne Johnson, Helle, 1794, ho d. 1796.
+ Tronsætta 4b.
+ Simund, f. 1778.
+ Ingeborg, f. 1780.
+ Ingeborg, f. 1782, g. m. John Anenson, Høyland, 1806.
+ Asgier, f. 1885.
+ John, f. 1786, til Gumpen.

218

Torgius, f. 1788.
+ Asgier, f. 1791.
+ Anders, f. 1794.
+ Anders, f. 1796.
+ Anna, f. 1798.
+ Ola, f. 1800.

Så sel Anders Sigmonson bruket til sonen Sigmund Anderson for 1000 rd. - tl. 1815. Det var 162/3 engl. jord og ein ser av prisen at det er stor inflasjon i denne tida då pengene fall i pris til dei gjekk heilt ut og me fekk att speisidalen i 1816. Mellom 1813-16 bruke me i mellomtida riksbankdaler som etter 1816 blei innløyst att med sylvskatten.

6. Simon Anderson, f. 1778 - d. 1855. Vigd 1803 med Asper Olsdtr. Kleppe, d. 1849 - 69 år. Barn: Anne Marie, f. 1807, (sjå nedanfor). Tor-borg, f. 1810. Anders, f. 1813. Torborg, f. 1815, g. M. Anen Olson, Byremo, Hommekland, Håland i 1835. Mari, f. 1819. Ingeborg, f. 1823, g. m. Ansten Chr. Fåland, Tingvatn. Det var Anne Marie som blei g. m. Hans Fredrik Hanson, Hauan, Kv.dal i 1845. Sigmund gav skjøte til sonen Anders på garden i 1841 for 500 spd. Nå er det meir stabile priser. (Det var denne Anen O. Byremo, Hommekland, son. bytta til seg Håland med Ola Taraldson.)

7. Anders Simonson, f. 1813 - d. 1879. Vigd 1841 med Asgier Olsdtr. Hobbesland, f. 1814 (dotter til Ola Pålson, H.). Barn: Asborg, f. 1844. Simon, f. 1849. Anna, f. 1851, g. m. Ola Omundson, Helle, Bakken. Simon, f. 1855. Simon, f. 1856. 1 den tid var det foreldra som fann gifteemne for borne. Og heimafylgje var alltid fastsett på fyrehand. Far til guten, Simon Anderson, spurde om heimafylgje var «gode pengar». «Ja, dei er både gode og druge», svara Ola. (Det var ei gamal tru at dersom pen-gane var komne med fals og fusk, så var dei udruge og gjekk fort ut att.) Gabriel Løland hermde etter Ola Pålson og jentene hans då 3 av dei var gift. «Ei blei jipt te Gardøl, den gipta æg. Ei blei jipt til Løland, den jipta seg sjål. Og Asgier blei jipt til Birkeland. Den jipta Gud.» Etter siste barnefødsel 1856 døydde Asgier Hobbesland 1 dag etter «forløsningen».

8. Asborg Andersdtr., f. 1844, fekk nå garden då alle gutar døydde små. Vigd 1862 med Tormund Anderson, Kjellingland, f. 1840 - d. 1900. Asborg, d. 1917. Barn: Anders, f. 1863. Anders, f. 1866. Asgier, f. 1869. Anders, f. 1872. Maria, f. 1875. Anders, f. 1881, d. 1 dag gl. Anna Tomine, f. 1882. Anna Maria, f. 1878. Anne Maria, f. 1886. Anders, f. 1877. Anders, f. 1880. I folketell. 1875: Då var alle gutar døde. Dei hadde 1 v. hest, 2 oxer, 4 kyr, 3 ungn., 16 sau, 1 gris. Sår 5 t. havre, 7 t. poteter.

Garden blei nå delt mellom systrene Asgier og Anne Marie sidan alle gutar var døde. Tormund hadde alltid hest å køyre med på heia etter høy. Dei fleste drog på kjelken, og den var tung å dra opp dei bratte kleivane frå Lauen og opp på høgden. Tormund køyrde då ofte kjelkane opp kleivane med den sterke hesten sin. Og så blei det så god veg etter han i laussnøen, tykte dei. Så dragarane gledde seg når Tormund kom med hesten.

9. Asgier Tormundsdtr., B., f. 1869 - d. 1950. Vigd 1894 med Tosten Taraldson, Gyberg, Jåddan, 1863 - d. 1949. Barn: Maria, f. 1895, hadde telefonstasjon i husa av Anne Maria, ug. Anna, f. 1896, g. m. Oluf Olson, Hamran, reiste til Amerika og båe døde der. Fleire barn liver etter dei. Tomine, f. 1898, ug. Tormund, f. 1900, d. ug. 1967. Tilde, f. 1902, g. m. Erling Jensen, bur i Brooklyn. Har ei dotter Ase, g. i Amerika (f. i Norge

219

1928). Alma, f. 1904, gift i Hardanger med ein Gramshaug. Tobias, f. 1907, ug., bur og driv garden for Anne Marie. Alfred, f. 1910, g. m. Anna Olsdtr. Mydland, 1938.

10. Tormund Tostenson, B., f. 1900 - d. 1967. Han og Tomine budde saman og dreiv garden. Tomine sit nå åleine på dei gamle tufter i det store dobbelhøge tømmerhuset. Straks utanfor, ved buvegen, låg dei eldste tufter i 1600 åra då det store slagsmålet på Birkeland stod i 1698.

l0b. Den andre halvpart av garden fekk altså Anne Marie, f. 1886 -d. 1968. Her bygde ho nye hus og uthus. Telefonen var her i mange år til Maria fall for aldersgrensa og fekk pensjon. Med same fekk ho kongens fortenestemedalje i sylv for lang og tru teneste i sitt arbeide, då stasjonen blei nedlagt 1960. Maria og Tobias bur nå åleine, båe ugifte. Tobias er snekker, smed, røyrlegger, sementarbeider, treskjerar og litt rosemåling (dei to siste som hobby og tidartrøyte).

lOc. På ein liten plass under bnr. 1 reiste Alfred Tostenson ein vakker heim i 1953. Her rydja han 3 da. jord av 8 da. udyrka mark og bygde nye uthus. Han blei g. m. Anna Olsdtr. Mydland, f. 1916. Barn: Toralv, f. 1939, gift og bur i Spring Walley, New York. Kona Jorun. Astrid, f. 1942, g. m. bankkasserar Torje Skeie, Birkeland. Alfred er 6g like neve-nyttig som broren Tobias. (I 1970 kom Toralv heim og kjøpte garden etter Tormund av Tomine.)

Bnr. 2 og 3, Ø. B. Heslevodden.

1. Torchild Tollachson, B., dødsskifte 1735. Var gift med Anna Gahrsdtr. Skifte etter henne 1729 og -31. Barn: Fredrik, 22 år ved sk. Ola, 18 år. Anen, 14 år. Asgier, ug. Ingeborg g. m. Karl Anstenson, Bir-keland. Jord 162/3 engl. Bruttoeiga 131 rd. Ved skiftet etter Torkild då han gav opp buet hadde han jord i Bjelland, 10'/7 engl. for 107 rd., laus-øyre 68 rd. Utg. 132 rd. Asgier Torkildsdtr., g. m. Omund Anenson, Hob-besland, 1738.

2. Ola Torkelson, f. ca. 1710 - dødssk. 1754. Han var gift med Inge-borg Olsdtr., vigd 1735. Barn: Anna, f. 1737. Torkel, f. 1739. Rasmus, f. 1741. Ola, f. 1744. Fredrik, f. 1746. Heile garden, 162/3 engl., er nå pant-sett til John Tormundson, Helle, for 260 rd. + 60 rd. som to pantebrev viser. Dette kan derfor ikkje reknast med i skiftet. Eigedomen balanserer elles med 131 rd. + og -

3. Torkild Olson, f. 1739 - dødsk. 1772. Vigd 1763 med Berthe Taralds-dtr. Bjærum. Barn: Ola, f. 1770. Ingeborg, f. 1766. Det fins ikkje skifte etter desse folka.

4. Ola Torkildson, 1770 - d. 1844. Vigd 1792 med Ingeborg Sørens-dtr. Bjærum. Barn: Berthe, f. 1795. Thora, f. 1799. Thora, f. 1800, g. m. Ola Bergson, Eikeland, Broen, Birkeland. Torkel, f. 1804. Ola, f. 1807. Ola, f. 1810. Anne Serine, f. 1813. Abel Maria, f. 1818. Ingeborg, f. 1818. Både Ola og Ingeborg døydde som fattiglemen. Hægebostad kommune fekk Ola sin bruksrett til 3 engl. i 1842. I 1819 beviste Ola sin odelsrett til bnr. 4 Ø. B. Han død Bjærum 1844, ho same året - 70 år.