Oversyn
I gamal tid var Knabeheia gjæv. Der var slått og beite, fugl og fisk. I ligne
held bjørnen til. Men det skulle bli molybden som skapte gruvedrift og gjorde
Knaben kjent. Bøndene i øvre Fjotland skjøna at det var pengar å få for molybden.
Det ein kan kalla Bondegruvedrift, kom i gang nokre år. Men det var Per Ivarson
Ousdal, Sirdal, som sette i gang vanleg gruvedrift i 1885. Han selde molybdenen
til England.
Dei som dreiv Bondegruvedrift, kløvja molybdenen til Kristiansand.
Han var lite verd. Dei fekk same prisen pr. kg. som for smør.
I 1897 blanda
ein russar molybden i stål. Då fekk han molybdenstål. Det var både hardt og
seigt. Dette blei kjent i Europa. Blandinga var utmerket til panserstål, kanonløp,
kanonkuler og til belte som krigsmaskinene gjekk på. Nå blei molybdenen gjæv.
Då
verdskrigen 1914-18 vart påemna, ville fleire land ha tak i molybden når dei
rusta opp. I Knabeheia var han å finna. Det blei då sett i drift 8-9 gruver.
Alle vart nedlagde då freden kom i 1918.
Eit norsk selskap kjøpte Knaben
1 og 2 i 1918. Knaben 2 kom i full drift att i 1923. Kvina gruve var og i drift
i åra 1951-54.
Det trongst mange folk når gruvene skulle drivast. Det måtte
byggjast brakker og hus, vegar og bruer. Vidare måtte ein ha telefon og elektrisk
straum. Transporten gjekk med hest fram til i tjugeåra. Då tok bilane over.
Etter
a/s Knaben molybdængruber tok over i 1923, har Kna-
7
ben etter kvart blitt eit ordna samfunn. Det kom butikkar, posthus, skule,
kapell og samfunnshus med kino. Vidare kom det sjukehus og fast sjukesøster.
Men så kom krigen. Det var ei hard tid. Mange miste livet under bombinga og
den materielle øydelegginga var stor.
tter freden 1945 vart det vanskeleg
å få folk til gruvearbeid. Det blei bygt mange familiebustader. Det kom fleire
frå Nord-Norge og tok arbeid. Fram til drifta av Knaben 2 vart stansa i 1973,
var arbeidsstyrken kring 100 mann.
Prisen på molybden gjekk ned i 1970. Det
gav store underskot i rekneskapen, så styret vedtok å stansa drifta frå 1. mai
1973. Det er mange millioner som er lagt ned i gruvedrift i Knabeheia. Kan
dette gruvesamfunnet i framtida bli nytta til andre formål?
Som feriesenter
skulle Knaben ha mange fordelar.
8
Eventyret kom: Molybdenen
Gjætarane i Knaben fann oppe i dagen
på eit berg noko som blenkte i sola. Dei visste ikkje kva det var dei såg. Dei
slo av eit stykke og tok det heim. Det viste seg at ein kunne skriva med det
som ein blyant. Staden dei hadde teke stykket, kalla dei Blyant-berget.
Slik
er det blitt fortalt ned gjennom tidene.
Amtmann P. Holm skriv i 1793:
«paa Gaarden Knabens Grund en halv miil fra Gaarden, ligger et Bjerg, som af
gammelt har vært kaldet Sølvbjerghejen, hvoraf ble brudt endel Blyant og solgt
for 6 sh. Pundet» Han skriv og at når ein bora ei halv alen inn i fjellet, kom
det vatn. Difor kunne ein ikkje skjota med laust krut, så det var vanskar med
å få tak i «blyant».
Blyantberget og Sølvbjerghejen er same staden. Det var
nok molybdenglans som låg og blenkte.
Molybdenglans er 60% molybden og 40%
svovel. Han ligg i gangar innsprengt i fjellet.
I gamal tid vart molybdenglans
brukt til å smørje hjul, pussa omnar og ha i fargar til å måla steintøy. Men
bruksområdet var ikkje stort, så han var lite verd.
Molybden, ikkje sjeldsynt vare
Attåt Knabeheiane i Vest-Agder er
det funne molybden i Grindheim, Sirdal og i Ørsdal, Rogaland.
Vidare er molybden
kjent i Telemark, Numedal, Selbu, Nordland, Råde, Røstad og på Hvaler.
12
Bondegruvedrift
Som nemnt tidlegare visste amtmann Holm om Blyantberget
i Knaben.
Kring 1810 vart det bora og skote tre stader i Blyantberget. Det
var madam Thue og ein båe frå Kristiansand, som sette dette i verk og betalte
drifta.
Bøndene i øvre Fjotland skjøna at det var pengar å henta av molybdenen.
Dei tok nå til med Bondegruvedrift nokre år. Dei tok heim sundskote berg om
somrane og sat om vinteren og skilde molybdenen frå steinen med kniv.
Fia
Kvinen fortel at far hennar gav skiljarane lov til å sitja i «Nyastova» med
dette arbeidet.
Det var ikkje nok å skilja ut molybdenen. Ein måtte frakta
han til Kristiansand før ein fekk pengar for han. Det var ikkje anna å gjera
enn å bruka hest og klyvja molybdenen frå Knaben til Kristiansand. Vegen var
først 2.5 mil over heia til Åseral, og så 10 mil landeveg til Kristiansand.
Der fekk dei 1.80 - 2 kr. pr. kg. Det var same prisen som for smør.
Molybdenen
blei klyvja i skinnsekker å 50 kg.
Per Ivarson Ousdal
Han er fødd på Ousdal i Sirdal i 1851 og døydde
i 1915. Kona heitte Åsa og var frå Tveiten. Dei hadde 5 born.
Saman med broren,
Halvard, vart han tidleg foreldrelaus. Dei måtte overta gardsdrifta, og dei
prøvde å auka buskapen med ei geit. Det blei forlite høy, og dei ville kjøpa
for. Det fekk dei ikkje, men dei fekk mange formaningar om å passa krøtertalet
etter
14
[bilde]
Asa og Per Ivarson Ousdal.
foret. Då lærte Per at han måtte lita på seg sjølv.
Attåt at han hadde
gard på Ousdal, kjøpte han ein på Lunde i Sirdal. Der bygde han nye hus med
to inngangar, den eine vart brukt dagleg medan den andre var reservert til framande.
Sirdal
valde han til ordførar 1899-1901. Då Sirdal vart delt i 1905, blei han ordførar
i øvre Sirdal 1905-13. Det blir fortalt at han gav den nye kommunen ein god
start. Kommunen heidra han Beinare og gav han ein sofa som minnegåva og takk.
Denne sofaen står framleis på Ousdal.
I kring 1890 kjøpte han opp fossefall
i Sira. Ein gong då han budde på Lunde, truleg i 1912, peika han på fjellet
aust for garden og sa at elva ville koma gjennom fjellet der borte. Noko på
veg rett. Då Sira-Kvina bygde ut, kom elva gjennom fjellet nede ved Tonstad.
Fossefalla
selde han til ingeniør Stømer frå Oslo.
Per var interessert i det gamle og
gjekk kledd i Sirdalsbunad. Når han var i Flekkefjord, visste alle kven dei
såg. Han var i Åseral i 1903. Der såg han nokre veggteppe der ein kunne få
vove inn namnet sitt. Han tinga 5, eit til kvar av borna.
15
Det blir fortalt at han hjelpte folk som trong det. Når det var preika på
Lunde, bad han kona koka risgraut. Han bad så kyrkjefolket koma og forsyna
seg. Var det barnefødslar i ætta, kom han alltid med ei flaske brennevin og
ein stor ost.
Handelen med fossar og gruver gjorde han til ein velhalden
mann. Han kjøpte fleire gardar og eit hus i Flekkefjord. Dette huset gav han
til ein av sønene. Dei andre fekk kvar sin gard, men dottera fekk 25000 kr.
Per
måtte vera gåverikt utstyrt. Han kunne sjå framover og ta ei avgjerdsla aleine.
Ukjende ting måtte han kunna sjå for seg og ha von om å teva pengar på. Han
var godt rusta til å bli pioneren for gruvedrift på Knaben.
Ein må vel seia
at Per Ivarson Ousdal er ein av dei mest dugande menner som har levt i Sirdal
i nyare tid.
Ein kan prøva å setja seg inn i tilhøva på Knaben i 1885. Det
var 3 mil kløvjing til veg i Austerdalen, og 4 mil til veg i Vester-dalen.
Dalevegane
i Fjotland var ikkje komne lenger i 1885 enn til
16
kyrkja og Helle. Over Kvina fanst ikkje bruer. Det var 4 mil til Sirdal for
å skaffa mat.
På Gruva var snaue berget, ikkje stein til å byggja ei skarve
hytte og ikkje skog til ved, så ein kunne få varma seg.
Men det største problemet
var nok å finne kjøparar til molybdenen som ennå ikkje var kjent i verda. Ein
måtte skape marked. Likevel gjekk Per Ivarson i gang med gruvedrift. Han måtte
ha godt mot.
Vanleg gruvedrift veks fram
«Molybdænglans skal første gang være
skjærpet af Per Ivarson Ousdal » står det i «Tidskrift
for kemi, farmaci og terapi», eit gamalt tidsskrift for gruvedrift.
Per Ivarson
Ousdal tok skjerp i Blyantberget (Knaben 1) kring 1880. Han dreiv Bondegruvedrift
nokre år, men bare om somrane. Nokre små hytter måtte han byggja. Han leigde
med seg folk, helst slektningar. Dagløna var 2,50 kr. for 10 timar.
Arbeidsfolka
sat med kniv og hamar og skilde molybdenen frå steinen. Dei som bora og skaut,
vart kalla drivarar.
Per leia sjølv drifta og hadde 12 mann og 4 gutar i
arbeid. I Sirdal blir det hevda at han hadde 20. Det er rett. Han hadde i talet
16 på Knaben, men så hadde han 4 skiljarar som arbeidde på Ousdal. Steinmassen
kjørde dei frå Knaben, om Salmeli til Ousdal.
Consul Eyde, kjøpmann Niels
Eyde og disponent C. T. Berg frå Flekkefjord var interessert i malmen på Knaben.
Per
tok kontakt med dei. Dei gav han økonomisk hjelp og hjelp med å planleggje drifta.
Molybdenen
låg i lag innover i berget. Etter kvart som dei skaut, vart det tunnel. I desse
trengde vatnet seg inn og fraus til is om vinteren. Denne måtte vekk når arbeidet
tok til att om våren. Smelting i tunnellase gjekk seint, så arbeidarane ville
hjelpa med å få bort isen. Ivar, son til Per, kraup inn i ein tunnel og tok
til å hakka på isen. Med eitt losna isen i vegger og tak og ramla over Ivar.
Han braut av foten og blei skadd så han seinare måtte gå og halta. Det var ein
farleg arbeidsplass.
I eit seinare nummer av «Tidskrift for kemi, farmaci
og terapi»
17
står: «Sea ble Blyantberget i Knabeheien optat til drift i 1885 og drevet
med vekslende produktion til ....»
Her er svaret på spørsmålet mange kjem
med: «Ko ti starta gruedriftæ i Knaben?»
Vanleg gruvedrift var i gang. Ho
var primitiv, så det var nok ikkje store kvanta med molybden dei fekk fram.
Molybdenen blei frakta med hest til Oie, vidare med båt til Flekkefjord. Her
fekk consul Eyde han pakka i sterke trekasser og sendt til England.
Nye eigarar
I førnemnde tidsskrift står: «Per Ivarson Ousdal selde
«Store Knaben grube» til ingeniør Samuel Eyde og consul N. Person».
Dette
var i 1902. Consul Eyde, Flekkefjord, hadde nok ein finger med i handelen.
Samuel Eyde, Rjukan, var ein slektning av han.
20-30 mann dreiv i 1902 fram
ca. 20 tonn molybden (i heile verda ca. 41,5 tonn).
Dei nye eigarane auka
drifta. I 1904 er arbeidsstyrken 93 og produksjonen 30,604 tonn. Denne produksjonen
var levert i Flekkefjord verd brutto 65825 kr.
Det blei ikkje lenge dei
nye eigarane hadde gruva. Dei selde i 1904 til «The BlackwelVs Development Corp»,
Liverpool. Kjøpesummen var 270000 kr.
Som nemnt før var produksjonen ujamn,
men han blei selt og sendt til England. Etterspurnaden var liten og prisane
låge i 1909. Om etterspurnad heiter det: .. «en uregelmessig og altfor liten
produktion som ikke kunde sikre forbrukerne det minste minimumskvantum». Vidare
heitte det at større kvantum og fast levering, ville gje høgare prisar.
Hovudgrunnen
var nok at det ikkje var vanleg enno å blanda molybdenen saman med stål, men
det blei forska intenst korleis ein best kunne bruka molybdenen.
Det blei
så vanskeleg at gruva i Blyantberget vart førebels nedlagt i 1909.
18
Rusj etter molybden
Som nemnt var molybdenen viktig i krigsproduksjonen.
Krigen 1914-18 var i emning, så molybdenen blei gjæv. I Knaben var han å finna.
Knaben
1 tok opp att drifta i 1913. Ho hadde vore nedlagt sidan 1909.
Innan ein
radius på 5 km frå Knaben 1 kom desse gruvene i drift i åra 1913.18: a/s Kvina,
a/s Sandtjørn, Lilleknaben, Roma, Benkehei, Knaben 2, Bragold, Ornehommen og
Horomen (Den siste blei gjort ferdig, men kom ikkje i drift).
Det blei nokre
livlege år på Knaben. Det kom rallarar frå heile landet og nokre frå Sverige.
Alle som kom, fekk arbeid og god betaling. Det var om å gjera å få fram mest
mogeleg molybden. I 1917 vart molybdenen betalt med 17 kr. pr. kg.
I Sandtjørn
gruve hadde dei eit lite handvaskeri. Til dette måtte steinane vera små. To
mann sat og slo pukk. Dei hadde 110 kr. pr. kbm.
Det var stor ferdsle mellom
Knaben og Øie. Ørnehommen gruve aleine hadde kring 20 hestar for å få varer
til og frå.
Verdskrigen slutta i 1918. Ingen fekk då bruk for molybdenen
eller hadde råd til å kjøpa han. Alle gruvene blei nedlagt.
Ingen av dei
har sidan vore i drift med unntak av Knaben 2 og Kvina gruve.
Ing. Falkenberg
skriv i eit oversyn han gav ut i 1920, at molybden kunne i einskilde tilfelle
bli betalt med 40 kr. pr. kg.
Kvina gruve
Af andre forekomster i Knabefeltet nævnes Kvina grube.
Ved den drives en mindre prøvedrift af direktør Nilssen, Aalgaard».
Slik
står det i førnemnde tidsskrift. Vidare finn ein at Knaben 1 tok opp att drifta
i 1913... «Som ny produsent er Kvina grube kommet til fra samme tid of». Vidare
står om Kvina gruve:» En vanskelighet ved driften er at ved selve forekomsten
er ingen eller dårlig vandkraft. Den avsides beliggenhet på de nokså veirhårde
Knabeheier, er også ufordelagtig.»
19
Vegar og transport
Den molybdenen som Bondegruvedrifta fekk ut
or fjellet, blei kløvja Knaben-Kristiansand og selt der.
Då Per Ivarson Ousdal
tok til med vanleg drift i 1885, vart molybdenen frakta til Flekkefjord og sendt
til England. Vegen opp Vesterdalen var under arbeid. I 1871 er han komen til
Helle, til Engedal i 1886.
Per Ivarson måtte syta for å få kløvja molybdenen
fram til kjerreveg. Det blir sagt at det blei kløvja til Kvinlog. Kløvjevegen
vart stuttare etter kvart som vegen skreid fram.
«Adkomsten til Knabens erstfeld
er fra Oie ved Fedefjorden, kort øst for Flekkefjord, 50 km. god kjerrevei og
ca. 15 km. ridevei, gaardene er smaa,
faa og daarlege hele Kvinnesdalen opover».
Desse opplysningane om veglengder
må vera frå kring 1908. Då var vegen i Vesterdalen komen til Netland.
Varene
var ei tid rodde Netland-Knabehylen, og vidare med kløv til Knaben gruve. Det
same attende med molybden. Knaben 1 hadde vore nedlagt sidan 1909. Drifta vart
teken opp att hausten 1913. «Som ny producent er Kvina gruve kommet til fra
samme tid af».
Båe gruvene var svært interesserte i veg Netland-Gruvene.
Det blei til at Kvina gruve bygde veg Knabehylen til Moserinnen. Vidare blei
det ferje inn Smalavatnet. Per P. Solhorn og sønene hans hadde akkord og skulle
byggja ein dam i austenden av Smalavatnet. Per blei spurt om dei tente godt.
«Dæ æ det samme, de går lievæl», kom svaret kvikt.
Knaben 1 bygde så veg
Netlandsnes-Knabehylen. Over Kvina vart det ferje med ferjestad på Netland.
Nå blei det slutt med kløvjinga.
24
Første ferjemann var Kristian Røyland. Etter han kom Jakob A. Knaben og Tosten
Netlandsnes. Ferjestaden på Netland vart lagt ned i 1944 då det kom bru.
1
1934 vart det bygt ny veg på vestsida av Kvina frå Netland til Risnes og bru
over elva ved Risnes.
Frå Risnes bru og fram til Gruva kom det ny god veg
i 1973. Nett det året Gruva la ned drifta.
Det hende av og til uhell på ferja.
Ein gong vippa eit billass med bjelkar, ein transformator likeeins. Eit par
gonger har hestar hoppa på Kvina og ein drukna.
Vedlikehald og snøbrøyting
Vegen Netlandsnes-Gruvene vart rekna
som privat veg. Det
25
var gruvene sjølv som hadde bygt han. Dei måtte syta for vedlikehald og brøyting.
Då
Risnesbrua kom i 1934, tok fylket over frå Gruva og ned på båe sidene av Kvina
til Netland.
Vegen var bygt for kjøring med hest og kjerre. Då dei store
lastebilane kom i bruk, svikta vegen fleire stader, så det blei dyrt å halda
vegen i stand. Mange hevdar at vintrane var verre i eldre tid. Rennefokturane
kunne vara i over 3 veker. Vinden var så sterk at ein våga ikkje å gå mellom
brakkene. Gruvene blei isolerte.
Den første tida gruva var i drift, måtte
hestane bauta seg gjennom vegen på trug. Nokre fenner var så hardt pakka at
hesten kunne gå oppå.
Når hesten hadde gått nokre gonger på trug, blei det
brukande
26
sledeveg. Så kom varene fram til Gruva og molybdenen send-Folk som ikkje
fekk plass på sleden, måtte bruka ski.
Ski vart mykje brukt. Folk reiste
med godt mot frå garden Knaben, men det var ikkje så lenge før dei kom attende.
Renne-foket var så hardt at dei våga seg ikkje vidare fram til Gruva.
Då
bilane kom i bruk på Gruva vart snøbrøyting med bil vanleg. I tider med rennefole
kjørde bilane frå Gruva til garden Knaben og attende utan stans. Likevel hende
det at vegen fauk til, og fennene vart høge som hus.
Når veret letna og vegen
skulle bli farbar veg, var snøen fleire stader så hardt pakka at han først måtte
skjotast laus med dynamitt. Gjennom høge fenner vart det tunnel
Ein kraftig
beltetraktor vart og sett inn i brøytinga. Det veldige snøflak han velta ut
or vegen, men det hende at jamvel dei kreftene blei for små.
Då tyskararie
kom under siste verdskrig, tok dei i bruk snøfres, og det er sjeldan vegen er
stengt.
Frå kløv og kjerre til kraftige lastebilar
Vegen Øie-gruvene vart
delt i 3 veglengder: Øie-Helle, HelleNetland og sist Netland-Gruvene. Desse
lengdene meinte kjørekarane var passelege pr. dag for hest med lass, ca. 300
kg.
Første etappe hadde nok Tobias Jenssen, Torvald Tommassen og Oluf Egeland
det meste av kjøringa.
Anton Hunsbedt, Gunnstensli, kjørde åleine Helle-Netland.
vanleg med to hestar. Frå Netland kjørde fleire, men Torje Risøen og Isak Netland
hadde det meste. I «Gards- og ættesoge~, s603 er fortalt korleis Torje la i
båe hestane i Knabetjørna.
Hestane måtte ta mange tunge tak. Det var kaldt
for kjørekaren å sitja på lasset vinterstid. For å halda varmen gjekk han meir
enn han sat på sleden. Ofte var vegane attfokne med store fenner. Då laut kjørekaren
ta spoa, kasta snø og trø.
Men så kjem bilane i tjugeåra, og hestane fekk
avløysing.
Anton Hunsbedt saman med broren, Harald, og gruveselskapet, tok
nå over all kjøring med lastebilar. Dette selskapet hadde mange sjåførar. Ein
kan nemna Arne, Anton og Sigurd Mygland.
28
Folketalet på Knaben har skifta
Då Knaben 1 (Blyantberget) i forrige
århundre var støle for garden Knaben, var der nok 4-5 menneske kvar sommar ei
lang tid i slåtten. Av og til kom gjætarar og jaktarar til stølshuset. Knabarane
var ivrige jegarar.
Som nemnt før hadde Per Ivarson Ousdal 16 mennske i arbeid.
Då det engelske selskapet kjøpte gruva, auka arbeidsstyrken til 78 i 1903 og
til 123 i 1905. Gruva blei nedlagt i 1909 og sett i drift att i 1913. 1 1915
har gruva 150 mann i arbeid.
Knaben 1 blei så lagt ned i 1917. Det vart funne
for lite molybden. Ein undrast over dette, for tidlegare hadde ein funne ei
rein molybdenblokke på 207,5 kg. Denne vart sendt til England og utstilt på
eit museum i London.
Det fall mykje av ho då ho blei henta fram i dagen.
Kanskje ho opphaveleg vog 300 kg, slik som segna går.
Etter at Knaben 1 var
nedlagt, sette same selskapet i gang drift på Knaben 2. Denne gruva låg og nede
i 1919-23.
Frå 1923 til 1939 hadde Knaben 2 ein fast arbeidsstokk på kring
3-400 mann, delt på 3 skift.
Under krigen 1940-45 vart mange nordmenn tvangssendt
til Knaben. Attåt kom 40 tyske sivile arbeidarar, 4 stigarar, 81 soldatar og
253 russiske fangar. Då var folketalet på Knaben 1200-1500.
Etter freden
kom, minka folketalet fort. I november 1970 var det att 287 menneske. Nokolunde
same talet var der då Gruva la ned drifta i 1973.
Nå bur der 4-5 fast. Det
er same talet som då Knaben var støle.
57
Forekomst
Molybden finnes ikke i ren metallisk form i naturen. Vanlig forekomst er som sulfidmalm sammen med andre tungmetaller som bly, sink osv. Molybdenglans (MoS2) er relativt vanlig i slike malmer. Sjeldne mineraler som wulfenitt (PbMoO4) har økonomisk betydning på grunn av at de ofte forekommer sammen med andre spormetaller som wolfram.
Fram til etter andre verdenskrig ble det brutt molybden i Knaben gruver i kommunen Kvinesdal i Vest-Agder.
Molybden
finnes
i melke- og kornprodukter.
Molybdenmangel er muligens sett
i enkelte tilfeller ved langvarig kunstig ernæring. Symptomene viser seg som
bevissthetsforstyrrelser... For mye molybden kan forårsake kobbermangel og blodmangel.Det
er umulig å få overdose av molybden ved bruk av et vanlig sunt norsk kosthold.
Fordi det meste av molybdenet som fremstilles, brukes som legeringsgrunnstoff i stål, nøyer man seg for disse formålene med å fremstille ferromolybden, som er langt enklere og billigere å produsere ved å redusere molybdenoksid og jernoksid med jernsilisiumlegering eller med aluminium. Ferromolybden fremstilles med 55–80 % molybden, 20–30 % jern og 0,1–3 % karbon....
Bruk
Ca. 85 % av molybdenproduksjonen forbrukes i jern- og stålindustrien.
Nesten alle typer stål inneholder små mengder molybden, for det meste
under 1 %, men for spesielle legeringer også i større mengder. Små
mengder molybden gir støpejern økt styrke og seighet. Større
tilsetninger øker også ståltypers herdbarhet, formbarhet, bestandighet
mot slitasje, styrke ved høye temperaturer o.a.
Historie
Navnet skriver seg fra det latinske ordet molybdaena (gr. molybdos)
som frem til 1700-tallet betegnet stoffer som i likhet med bly og
blyglans gav svart avfarging. Dette gjaldt fremfor alt stoffer som
grafitt og molybdenitt (molybdendisulfid, MoS2). Forskjellen mellom disse to stoffene ble først erkjent av svensken B. Qvist i 1754, og i 1778 fremstilte C. W. Scheele et nytt oksid, MoO3,
av molybdenitt. Han kalte oksidet molybdenjord. Av oksidet fremstilte
den svenske kjemikeren Peter Jacob Hjelm (1746-1813) i 1781 karbonholdig
molybden ved å redusere oksidet med trekull. Molybden fikk kommersiell
betydning først i 1890-årene da det lyktes franskmannen H. Moissan å fremstille rent metall ved reduksjon i større elektriske ovner.
Knaben molybdengruve i Knabeheia øverst i Kvinesdal kommune i Vestagder hadde i 1969 en årsproduksjon på 480 tonn, litt under 10 % av verdensproduksjonen. Forekomsten er første gang beskrevet i 1743 av fogd Tostrup i Lister og Mandals amts beskrivelse. Fra 1870-tallet kom stuffer uttelget av bøndene på markedet. Regelessig drift fra 1885, med toppunkter under verdenskrigene p.g.a. stållegeringsbehovet. Forekomsten er den største på den østlige halvkule, og under siste krig var gruvene Tysklands eneste molybdenkilde. Det ble brukt russiske krigsfanger og tvangsutskrevne nordmenn til driften. Gruvene ble bombet to ganger av de allierte. Etter krigen ble de drevet fram til 1973.