Tor Veggeland : Kultursoge frå Fjotland 1983
Fjotland var ein av dei største kommunane i Vest-Agder før han blei slått saman med Feda og Kvinesdal 1963, berre Åseral og Sirdal hadde større vidde.
Jordbruk var viktigaste næringsveg. Foret måtte samlast frå utslått og hei, og dei fødde mange krøtter. Jakt og fiske vart driven ved sida av. Folketalet auka. Det blei for trongt heime. Mange reiste ut til Holland, Amerika og Aust-Agder. Fleire slo seg ned på framand stad, men mange vart pendlarar.
I 1880 åra kom det fleire arbeidsplassar i Knabeheiane i samband med gruvedrift, men fjotlendingane nytta seg bare delvis av dei. Nokon industri elles innan bygda, har det blitt lite av.
Bygda er delt i to dalar, Austerdalen og Vesterdalen, med mykje fjell og mindre dalar. Kvina renn gjennom Vesterdalen og Litleå i Austerdalen. Her var kostbart å byggja vegar, og det har vore mykje strid om kvar vegane skulle byggjast. Var det best at dalevegen frå Lindeland gjekk på vestsida av Kvina framom Lindefjell eller på austsida framom Solli? Vidare: Skulle sam-bandsvegen mellom Austerdalen og Vesterdalen byggjast Fjot-land-Harbakk-Røynebu eller Asemoen-Norås-Kvinlogkleiv?
Verlaget er innlandsklima. Vinteren kan vera kald med mykje snø, men somrane kan av og til vera varme.
Skogen er mest bar- og lauvskog. Lind, alm og eik må her ha vore. Det tyder fleire gardsnamn på. Av villdyr er her elg, rådyr, rev, mår og bever. Fleire stadnamn provar at her har vore både ulv og bjørn.
Bygg og havre var dei vanlege kornslag. Nå vert det ikkje dyrka stort anna enn poteter og høy.
Busetnaden er spreid. Gardane ligg langt frå kvarandre. Ein-skilde gardar har berre eit setehus.
Fjotlendingane har vore flinke rosemålarar og gode spele-menn. Dei nytta seg av det nye som kom utanfrå. Dei fekk seg plog og la holveiter, og dei lærte hesjing for å berga høyet.
7
Skulen er utvikla frå omgangsskule til sentralskule, og dei skaffa seg tidleg bilar, traktorar, radio og fjernsyn.
Fram til nåverande århundre laga fjotlendingane sjølv det meste dei trong. Dei nytta både dagen og kvelden. Nå ser dei på - fjernsyn eller høyrer på radio om kveldane. Det er og slutt med at dei gamle fortel eller byd gåter.
Heimelivet var roleg med arbeid og strev. Det var festing med felespel og dans i høgtidene og i lag, men kyrkjegåing vart ikkje forsømd.
Store religiøse vekkingar har gått over bygda, men det har stort sett vore godt forhold mellom kyrkja og dei religiøse organisasjonane.
Levevilkåra har endra seg radikalt, frå «borkebrødtider»
og tronge kår til velstand for mest alle i 1982. Men fråflytting og for få arbeidsplassar har og råka Fjotland som dei fleste andre utkantstrok i Noreg.
Det finst ikkje opplysninger om gamle former av namnet Fjotland, seier O. Rygh i boka: «Gaardsnavne i Lister og Mandal amt».
Folk i Eiken seier: «bort a Fjosland» og i Sirdal går dei «a
fjoset» (fjøset).
Kunne Fjotland i svært gamal tid ha heitt Fjosland? Kan Eiken ha teke vare på det gamle?
Det blir fortalt at der fjorten øyer i Fjotlandsvatnet, og namnet skriv seg frå talet 14, men då skulle det vel ha blitt Fjortenland.
Andre meiner at bekken som renn framom Lærargarden i flaumtider rann fjot. Landet på båe sidene blei då fjot-land. Vi brukar ennå ordet fjot, t.d. ein fjot kar, ein fjot hest.
Namnet Fjotland kom i bruk på heile bygda då vi fekk første kyrkja, men kva det kjem av, er uråd å seia, det blir bare spekulasjon.
All kultur er dyrken, først og fremst av jord.
(Jonas Dahl)
8
Det har ned gjennom tidene vore mange landhandlarar i Fjotland – opptil 2 i fleire kretsar. Det var bønder som med handel ville få seg ei attåtnæring til garden.
Syvert Haddeland hadde kring århundreskiftet landhandel på Grønnes og Haddeland i Veggeland krets. Eg minnest ein fekk store sukkerposar av han for 10 øre. Posane var så fulle at ein måtte ta 5-6 i munnen med ein gong for posane var for små. Då var pengane verdfulle. Syvert hadde ein gong for moro billegsal på fjorgamle almenakker. Sanneleg, han fekk selt tre til ein mann.
Selmer Skårdal frå Lyngdal dreiv landhandel i Lars Veggeland sitt hus ved Veggelandsbrua. Han slutta kring 1950. Anna Bruli bygde hus på Veggeland og held fram med landhandel. Etter ei tid slutta ho, flutte til Liknes og opna handel der.
I Eiesland krets hadde Nils Gunnufsen den eldste handelen. Han hadde utsal før han flutte til Liknes.
Då Tønnes Mygland (1853-1932) kjøpte gard på Mygland, var det ikkje lenge før han opna handel. Då han døydde, bygde sonen, Andreas, hus attmed dalevegen og flutte handelen dit. Både Eiesland og Mygland hadde mykje handel med øvre Eiken.
Fjotland er ein gamal handelsplass. Ståle Lindefjell selde i huset til Matias Fjotland. Her er den første landhandelen i Fjotland. Om sundagane handla han mykje med kyrkjefolk. Isak Netland handla Dør aust på Fjotland. Han gjekk konkurs 1904.
Jørgen Asemoen handla ei tid med Leet. Audny Norås har hatt landhandel på Fjotland sidan 1957.
Johannes Høydal handla på Omland då han budde der. Elles har det vore lite butikkar i Helle krets. Det blir fortalt at Johannes kjørte varelass opp Galdalsvatnet pinsti den store snøvinteren 1877.
Anna F. Kvinlog opna butikk under Kleiven kring 1908. Dei siste leveåra leigde ho bort handelen til skyldfolk.
Då dalevegen var under arbeid og Lindelandsbrua blei bygd 1900, handla Isak Netland (f. 1882) i Kvenåsen i ei brakke.
25
[bilde]
Fjotland Landhandel.
Anton Hunsbedt (1880-1971) handla på Neiland, Gunnstensli
og på Knaben gruvor.
I Risnes hadde Bertelsen frå Rogaland handel nokre år etter
siste verdskrig.
Det er før nemnd at Anton Hunsbedt handla på Knaben. Det same gjorde Ole M. Pedersen. Då han slutta held Johan Seland fram under namnet «Ole M. Pedersens Eftf.» Olav Eiesland
(f. 1938) dreiv og handel på Knaben ei tid.
Alfarheims Besparelsesforening blei skipa på Elverum 1868. Dette laget blei mønsteret for mange lag seinare. I 1877 er det skipa kring 250 lag kring i landet og i 1938 626.
Alle kunne bli med i eit slikt lag mot å kjøpa ein aksje (vanleg 100 kr). Overskotet skulle gå attende til kundane som kjøpeut-
26
[bilde]
Kvinlog Handelslag.
bytte. Laget skulle ha kontroll med prisane, så det vart konkurranse med dei private.
Det kom fleire lag i Fjotland. Haddeland handelslag vart skipa på Mygland, det hadde ei tid filial på Fjotland. Øvre Fjotland handelslag held til på Netland. Det gjekk konkurs og blei borte. Kvinlog handelslag kom 1919 og hadde ei tid filial på Helle. Sist kom Knaben samvirkelag med filial på Risnes.
Folk lika butikkane anten det var handelslag eller private. Der fekk dei selt smør, skinn og fugl og kjøpte att det dei trong. Men krambugjeld var lei til å auka fort, sa ei kone. Kundane hadde god tid, sette seg på ein stol og slo av ein prat. Handelsroms var ofte små, varer av ymse slag var sett opp til utstilling. Kvar vara hadde si aroma, blanda saman blei det krambulufta. Her trefte ein kjenningar og fekk spurt nytt frå kretsen og bygda. Kommune- og verdspolitikk vart og drøfta, ofte i høglydde vendingar.
Det var noko triveleg med dei gamle butikkane som er borte. Alle har det nå så travelt at dei har lita tid til å gå til butikken,
27
og slett ikkje stansa som dei gjorde før. Mange telefonerer etter varer, og kjøpmannen sender dei med bil.
Det var vanskeleg å handla føre 1930. Folk hadde vanskar med å få arbeid. Det var låg pris på det bøndene hadde å selja, så det var lite pengar hjå folk. Handlarane måtte ofte ta krøtter til høge prisar for å få inn noko på krambugjeld.
Det er berre att 3 butikkar i Fjotland 1983. Tor Hunsbedt kjøpte huset til Knaben samvirkelag og handlar der. Kvinlog handelslag har gått over til «selvbetjening», og Audny Norås driv «Fjotland Landhandel».
28
Dei eldste vegane i Fjotland gjekk på kryss og tvers mellom gardane. Det var ikkje anna enn gang- og ridevegar. Dei rekna med at grytehanka var like lang anten ho stod oppe eller låg nede, så dei var ikkje redd stigning.
Folk var for det meste sjølvberga, men noko måtte kjøpast t.d. salt og mjøl. Då måtte dei ut or bygda. Den meste ferdsla gjekk nok gjennom Austerdalen og Vesterdalen, men det var rideveg over Haddelandsheia til Eiken. Det var samband mellom Veggeland og Eiken over Gangvordalen. Frå Røyland gjekk vegen over Mjåvatn til Farhom i Eiken. Knaben gjekk til Åseral fram om Knaberøysa. Vest-over var det ferdsle Salmeli-Guddal, Risnes-Tonstad, Netland-Haughom, Lindefjell-Haughom, SelandOftedal og Stakkeland over Krågeland til Gyland.
Mellom dalane gjekk gangveg frå Knibestøl over Midbø til Vesterdalen, likeså frå Mygland framom Omland.
Då Fjotland fekk kyrkje 1670, blei vegane noko endra. Folk gjekk snaraste vegen til kyrkja. Frå øvre bygda gjekk vegen Knaben-Netlandsnes-Moland-Egeland-Harbakk til Fjotland. Frå dei nederste gardane i Vesterdalen gjekk vegen om OmlandØyufsåsen fram til kyrkja. Frå Galdal og Knibestøl gjekk kyrkjevegen om Høydal over Budalsheia til Fjotland.
Når ein skulle få kjørevegar er det rimeleg at dalane kom først, for gjennom dei var ferdsla størst.
I Vesterdalen var Amotbrua ferdig kring 1839, men ved Huns-bedt i Austerdalen var det ferjing. 1 1862 er vegane komne opp til Vatland i Austerdalen og Breimonen i Vesterdalen.
Fjotland blei eigen kommune 1858 og saman med Kvinesdal fekk båe bygdene i 1867 ei løyving på 50600 kr. frå fylke og stat til dalevegane og bru ved Hunsbedt. Vegane kom nå fram til Fjotland i Austerdalen og til Helle i Vesterdalen 1871. Ved Helle
47
blei det nå stopp ei tid. Det var ikkje att pengar. Til denne vegbygginga måtte kommunane ut med kring 12000 kr.
Fjotland hadde som før nemnd, fått veg til Fjotland i Auster-dalen og Helle i Vesterdalen. Fjotlendingane tenkte vel helst at vegen frå Fjotland om Harbakk-Røynebu til Knaben skulle hal-da fram, og så med tida få vegen Helle-Røynebu.
Ordførar då, Sigbjørn Helle, ville at vegen skulle koma først opp Vesterdalen. For det synet vart han vraka til ordførar og Olav Knaben vald i staden. Han fekk vedteke lina Fjotland-Knaben tre gonger, men vegbygging vart det ikkje. Dei hadde ikkje pengar.
I 1879 vart Sigbjørn Helle atter ordførar. Han fekk drive igjennom at vegen opp Vesterdalen skulle koma først, bare 2 mann i kommunestyret røysta for Fjotland-Knaben.
Men striden var ikkje slutt ennå. Kva side av Kvina skulle vegen byggjast på frå Lindeland?
Folkemeininga var delt. 92 ville ha vegen på austsida medan 86 valde vestsida. Kommunestyret kunne ikkje bli samde og bad vegkontoret velja line. Det blei vestsida.
Vegen Helle-Engedal blei ferdig 1885 av pengar frå fylke og kommunen .Kvart år frametter blei det søkt Stortinget om pengar til Vesterdalsvegen.
1 1902 er vegen komen til Gunnstensli. Då var pengane slutt, og det blei stans ei tid, men i 1908 er han komen fram til Netland. Der vart det stans lenge.
Mellom dalane måtte det veg som batt saman dalevegane. Kvar den vegen skulle gå, var det nok den hardaste striden. Skulle den vegen gå Fjotland-Harbakk- Røynebu eller Asemoen-Kvinlog? Her var og folkemeininga delt. 93 røysta for lina om Harbakk, men 86 ville ha vegen om Norås. Kommunestyret var så usamd at det kunne ikkje bli enig om noko line, og bad difor vegstyret avgjera linevalet, og det valde lina Asemoen-Norås-Kvinlog.
Vegen Netland-Risnes kom ikkje før 1934. Då blei det og bygt
48
[bilde]
Risnes bru.
bru over Kvina ved Risnes. Det gjekk 63 år før vegen Helle-Ris-nes vart ferdig.
Gruvene i Knabeheiane gjekk saman om å byggja veg frå Netland på austsida av Kvina fram til gruvene. Det vart då ferjing ved Netland. Vegsambandet Eiesland-Eiken og Stakke-land-Tonstad om Krågeland vart bygt under siste verdskrig. Det var tyskarane som pressa desse vegane fram. Om hovudvegane var komne, var det mange gardar som hadde dårleg samband, ikkje veg eller bru. Men desse fekk hjelp etter kvart, særleg etter 1945. Nå kom og vegsambandet mellom dalane: Fjotland-Har-bakk-Røynebu.
Alle gardar det bur folk på nå, 1982, har fått veg eller bru.
Kablane til Risnesbrua måtte ha godt og djupt feste. Johan Knibestøl var langt nede i jorda og grov opp til feste då over-ingeniøren kom og spurde om Johan visste kven som åtte her: «Oppe er det Jakob Risnes, men hær nee ær me vel nærare Kina», svara Johan.
Fjotland — 4 49
Kvar gard som hadde nytte av vegen, fekk eit stykke å halda i stand. Dette pliktarbeidet blei lagt etter skylda. Dei måtte og ut med pengar når bruer skulle vølast. Det vanlege var at bonden tok hest og kjerre og kjørte litt grus i dei verste holene.
Om vinteren var det noko snøbrøyting med hest og treplog. Det vart nok ikkje rart vedlikehald, men ferdsla var ikkje stor.
Kommunen overtok vegvedlikehaldet frå 1895. Nå blei det tilsett vegvaktarar, ein i Austerdalen og to i Vesterdalen. Der var stor ferdsle. Varetransporten til og frå gruvene gjekk med hest og kjerre.
Somme stader var vegen lagt på dårleg grunn. Vår og haust kunne det vera vanskeleg å koma over. Då bruka vegvaktarane ofte einer og furugreiner til vegfyll. Ein slik stad var Dyblan midt for Daland.
Nå er alle hovudvegane ombygde og fått god standard og er blitt asfaltert heilt fram til Knaben gruvor, endå til gardsvegen til Veggeland har fått fast dekke.
Nå er vedlikehaldet lite, og ein har ikkje lenger faste vegvaktarar. Brøytinga går med sterke bilar og solide stålprogar. Under vanskelege forhold vert det nytta snøfres.
Gjennom Vesterdalen i Fjotland renn Kvina. Ho er 13 mil. På båe sider av elva ligg det gardar. Hovudvegen Liknes–Lindelandbru ligg på austsida, held vidare fram på vestsida. Mange gardar var i lange tider utan bru og veg fram til hovudvegen, og mange ulukker har hendt. Såleis drukna 3 menn ved Netland pinslaurdag 6. juni 1835, og talet på drukna i Kvina er stort.
50
Det var stor strid i Nestendalen om vegen frå Lindeland skulle gå nordetter på austsida eller vestsida av Kvina. Ei folkerøysting gav 92 røyster for austsida og 85 for vestsida. Til slutt vart vestsida vald, og då måtte det bru ved Lindeland. Ho vart kostnadsrekna 1898 til 8000 kr. Det skulle vena kvelvebru med 18 m spenn. Brua vart mykje dyrare, for spennvidden blei auka til 22 m., sjølve brua blei gjort mykje venane og arbeidslønn gjekk opp. På brua står innhogget «1900». Det er vel då ho blei
ferdig.
I dag er det bygt ny bru ved sida av den gamle. Ho vart for SMAL. Den gamle brua står og vitnar om godt arbeid.
Anne Sofie Fjotland seier at det var far hennar som snekra formene til kvelven.
Dalevegen kom i 1902 fram til Gunnstensli. Der blei arbeidet stansa ei tid. Det blei sagt at det hadde gått så mange pengar til Lindelandbrua at kassen var tom.
Medan dei arbeidde på Lindelandbrua hende det at arbeida-
[bilde]
Lindelandbru bygd 1900.
51
rane tok heim brennevin. Ein gong skjenkte dei Jakob Andreas Lindeland, så han miste toflane og kunne ikkje finria dei att. Ein arbeidar leidde han rundt på jordet der kyrne hadde stått bundne og viste han nokre svarte flekkar. «Der er toflane!». Jakob spende, men diverre, det var bare kumøkk.
Etter kvart som trafikken auka på hovudvegane i landet og bilane blei større, måtte fleire små bruer demonterast og ein fekk nye og større. Dei demonterte bruene fekk vegkontora pålegg om å ta godt vare på, for dei kunne sidan brukast på gardsvegar med liten trafikk. Det blei og ein skipnad korleis utlegga til slike veganlegg skulle delast: 2/10 på kommunen, 2/10 på fylket, 2/10 på staten og 4/10 på grunneigarane.
Faret bru i Kvinesdal blei for veik, det måtte ny. Hans Aase var overing. ved vegkontoret i Vest-Agder og stod for dette anlegget. Han hadde tidlegare vore ing. ved a/s Knaben og visste kor store vanskar det var på Netland med ferjing og ofte meinfør is. Brua i Faret skulle til Netland, gjekk han inn for. Krigen rasa. Korleis skulle ein få sement? og korleis skulle ein få frakta brua opp til Netland?
Aase fekk til ein arbeidsgjeng på Netland med Jakob Knaben som leiar. Jakob gjekk til direktøren på Knaben og fekk lånt sement av tyskarane sitt lager. Betaling skulle koma seinare. Vidare fekk han lånt store vedgassbilar av tyskarane til å frakta brua med, men han måtte sjølv halda vedknott. Til det svara Jakob at han måtte få så mykje knott at han kom avgarde.
Brua blei ferdig og levert 2. påskedag 1944. Det var gudsteneste i Kapellet. Etter gudstenesta gjekk presten for alterringen og las Hyrdebrevet frå bispane. Ferdig med det, sa han at dei skulle opna brua. Det er vel første gong ein prest i kjole og kvit har kunngjort bruopning.
Etter krigen spurde Jakob Knaben direktør Krog: «Det sementlånet blei vel ikkje oppgjort i det store oppgjøret?»
52
«Dersom de hadde trodd at jeg hadde trodd at dere kom til å betale sementen senere, så hadde de aldri fått lånt den», svara Krog. Netlandsbrua kosta 1000 kr. i innkjøp.
Moland ligg på austsida av Kvina. Dei hadde mange plager med elva. Om våren reiste isen midt i elva på grunn av straumen, men sterk i kantane. Då tok molendingane og hogg laust eit sterkt isflak ovanfor og flota det ned der dei ville ha «brua». Det kalla dei «A leggja ånæ». Det var nok ikkje så lenge før denne «brua» var livsfarleg. Vanskane var verst vår og haust.
Tore Moland hadde laga seg gard på Øyne. Han lurte mykje på a få bru, så laga han ei teikning med pillarar og ein overbygning med kombinertstålbjelkar og stålopphengstenger. Teikninga sende han til kommunestyre som sende ho til Vest-Agder vegkontor. Der tykte dei teikninga var så interessant at ho gjekk til vegdirektøren. Nå kjem overing. Aase inn. Han kjøpte Kattfoss bru i Skien til Moland.
Nå blei det fart i arbeidet. Tore kjøpte ein Jobu boremaskin og kilebor. Slipemaskinen til boret kobla han til sepratoren. Kona drog, og han slipte.,
Murstein blei kila om sommaren, men muring av pillarane og montering av brua gjekk føre seg om vinteren.
Sjåfør Olav Kvinlaug henta brua til Moland saman med Trygve Risøen. Det var nett føre jol 1953. Gjennom Kristiansand var det hengt opp joledekorasjoner i gatene. Brua var både lang og høg, så han reiv ned noko. Då kom politiet. I Mandal reiv han og ned eit kvart. Der kom kjerringane og skjende, men dei tok Trygve seg av, så eg slapp seier Olav. Det var store vanskar på vegen med krappe svingar, men Olav var ein svært flink sjåfør.
Brua blei ferdig 1955. I joleveka var kring 50 mann med på dugnad og la tredekket. Nokre bar plankar, andre spikra. Folka sa dei hadde førejolsferie.
Molandsbrua har 4 spenn a 13 m., og eit på 30 m., så tredekket var 82 m. Etter jol blei det bygt bru frå Øyne til fastlandet på austsida, så fekk alle gardane på Moland vegsamband.
53
Solli hadde ein skarve veg fram til garden frå Kvenåsen. Vegen var lang og hadde fleire stader stor stigning. I fleire år låg garden mest øyde, og vegen blei slik at ein kunne ikkje koma fram med anna enn ein traktor. Men så kom overing. Aase. Med eit fiskesnøre på ei brusflaske og ein stein til kastesluk, mælte han breidda på Kvina omlag 500 m sør for garden. Spennet måtte vera minst 29 m. Amotsbrua frå 1907 skulle skiftast ut, så bru til Solli var grei å ordna, meinte Aase, og brua var ferdig 1960.
På Narvestad ligg 3 av gardane på vestsida av Kvina medan hovudvegen går på austsida. Sven Narvestad var vegvaktar og budde på vestsida. Han var svært ivrig for å få veg. Overing.
[bilde]
Narvestad bru.
54
Når det galdt vegane, kom bilane noko for fort. Mange var dårlege, helst vår og haust, og tenk, vinteren med mykje snø. Det var ikkje bare moro å vera sjåfør.
I 1945 vart ruta utvida til gruva. Der hende det at ruta kjørte seg fast i snøfennene. Dei reisande la då i veg til fots, ofte sommarkledd og på låge sko.
Under krigen måtte rutene kjøra med vedknott. Det gjekk det og.
Ved sida av Fjotlandsruta og Kvinaruta hadde Johannes Reiersen konsesjon på laste- og mjølkerute Slimestad–Flekke-fjord. Desse tre rutene vart 1951 slått saman til eit selskap med namnet Kvinaruta.
Det er blitt nye tider. Ruta har mist mjølke- og postkjøringa og fått skule- og arbeidsruter, men største aber for ruta, er privatbilane. Det er komen 1-2 bilar i mest kvart hus. Privat-bilen er klar til alle tider, så ein slepp vera avhengig av nokon. Folk vil ha det så lageleg som råd er. Men ruta var og er eit gildt innslag i Fjotland si soge.
Olav P. Netland hadde broren Anton med i ruta ei tid som sjåfør. Albert og Sammel Aamot kjørte lenge i Fjotland. Sammel bygde hus på Netland og budde der ei tid.
(Kjelde: Med båt 1904 til buss 1979)
Borch var prest i Fjotland 1858-64. Han fekk opna det første posthuset. Kyrkjefolket møtte i prestegarden etter preika og fekk utlevert posten. Dette held prestane fram med til 1901. Då blei Anna Hesså tilsett. Ho gifta seg med Tønnes Risnes. Dei kjøpte gard på Asemoen, og posthuset blei flytt dit.
Det første kom posten ein gong i veka, og han vart boren på ryggen frå Liknes. Frå 1893 kom posten tre gonger i veka, men nå blei han kjørt med hest. Øvre bygda fekk landpostbod 1896 ein gong i veka. Dette postbodet gjekk ut frå Fjotland om Harbakk-Solli-Moland opp til Netland og ned att på vestsida av Kvina om Lindefjell-Seland og til Kvinlog.
Helle fekk posthus 1903. Dette blei seinare flytt til Kvinlog.
59
Posthus kom på Netland 1905. Det kom seinare på Knaben gruvor, Risnes og Galdal. Helle fekk att brevhus seinare under namnet Hamarheim.
Lenge vart posten kjørt med hest i båe dalane. Då bilrutene kom, tok dei over. Folk visste når ruta kom og samla seg ved postkassane.
Nå har postverket omberinga sjølv. Det tilsette 2 landpostbod som har bil. Det eine kjører Narvestad–Kvinlog om Harbakk og ned Austerdalen med alle sidevegar. Det andre kjører KvinlogKrågeland, attende Kvinlog og opp Vesterdalen med alle sidevegar.
Alle får nå posten på garden, berre Eftestøl må henta på Fjotland, Håland på Nordbø og Salmeli på Risnes.
Alle posthus er lagde ned med undantak av Kvinlog.
Alle menneske må ein eller annan gong senda ei melding langt avstad. Kven har ikkje ringa til doktoren. Dei gamle nordmennene brukte vardar på dei høgaste fjelltoppane. Vardane brann og lyste. Ei melding kunne på den måte gå over landet på 7 dagar.
Ein minnest frå indianarbøkene korleis indianarane sende signal til kvarandre med røyk frå bål. Vi les i soga at hellenane fekk vita at Trojas var teken. Det gjekk bare ei natt. Dei sende eldsignal frå dei høgaste fjella nett som dei gamle nordmennene. Dette var ein slags telefon. Alle har høyrt om jungeltelefonen i Afrika.
Den første telefonen som fekk mykje å seia, vart bygt i Eng-
land 1837-38.
Distriktslege Engevald Hansen skipa «Flekkefjord og Omegns Telefonselskap 1894». Det hadde ein aksjekapital på 23000 kr., kvar aksje var på 100 kr.
Selskapet fekk konsesjon og skulle byggja ut telefonen i Flekkefjord, Nes, Hidra, Bakke, Gyland, Feda, Tonstad, Kvinesdal, Øvre Sirdal, Fjotland og Lund.
60
Sentralane i Flekkefjord og på Moi vart opna 1895, noko seinare på Kvinlog og Risnes. Sidan kom det sentralar på Net-land, Lindefjell, Helle, Mygland og Veggeland. Denne blei seinare flytt til Galdal. Sentralen hos Tønnes P. Kvinlog vart ei tid flutt over til Kvinlog handelslag, men han kom seinare attende. Knaben gruvor hadde eigen private sentral som blei knytt til og ekspedert frå Risnes. Homstøl og Salmeli fekk talestasjon.
Rundt 1900 blei sentralane knytt til riksnettet. Det kom telefonliner Fjotland–Eiken og lina frå Risnes til Tonstad. Det blei tilsett telefonstyrer i Flekkefjord som fekk administrasjonen.
Sentralane hadde stutt opningstid, men dei måtte ekspedere heile døgret dersom det var folk tilstades. Alle som ekspederte, måtte bli godkjent og skriva under lovnad om teieplikt.
Kommunen gav kvart år tilskot til sentralane heilt til 1949. Vidare hadde sentralane ein part av dei innkomne telefoninntektene i løn.
Dei tilsette fekk løn frå 1949 etter eit regulativ for sentralane. Tilskotet frå kommunen fall då bort.
Post og telefon hadde same folka på Neiland, Risnes, Kvinlog og på Galdal i mange år.
Frå sentralane blei private liner bygde fram til gardane, ofte 3-4 apparat på same lina. Folk kunne lytta på kvarandre på desse linene, og det blei gjort. Var det noko som andre ikkje skulle høyre, gjekk fleire til sentralen og ringa der-ifrå. Lina frå Risnes til Håland var lang. Tor Håland hadde festa isolatorane til gamle, krokute tre og bora fleire fast i høge steinar. Den lina skulle ha stade til ein attraksjon.
Telefonanlegga i Fjotland blei automatisert i 1960-åra, så nå er det bare automatsentraler på Galdal, Kvinlog og Risnes. Telefonen er godt utbygt i Fjotland. Det er få heimar som ikkje har.
Flekkefjord kontrollkrets er lagt ned, og Fjotland ligg nå under Kristiansand teleområde.
Telegrafstyreren i Flekkefjord, Halvdan Sand Bakken, har vore grei og gjeve opplysningar om telefonen. Han seier og om folka som har vore ved sentralane: «Personalet ved samtlige Fjotlandstasjoner har vært greie og dyktige kvinner og menn, som har skjøttet sin tjeneste på en fin måte. Stasjonsholder,
61
Malene Skeie på Risnes, fikk kongens Fortjenestemedalje – flere burde fått den».
Det blir hermt etter Tobias Harbakk at han heller ville gå ei halv mil enn å gå i telefonen.
Hans Aasen, Øyu. Andreas Bergesli og Olav Salveson Lindefjeld skipa ein privat bank i kring 1860. Dei var styre alle tre med Hans Aasen til formann. Den banken fekk vel helst lite både av tiltru og pengar, så dei tre tok til saman med andre framsynte å arbeida for ein bygdebank.
Når folk trong pengar før banken kom, laut dei gå til pengemennene. Dei som hadde pengar, hadde makt, og dei bruka henne. Renta var høg, og låntakaren måtte stilla garanti. Dersom ikkje renta blei betalt eller lånet betalt attende på tida, gjekk panten over til långjevaren. Av og til panta pengemennene til seg krøtter og gardar på den måten. Fjotland sparebank vart skipa 14. des. 1874. 31 menner hadde gjeve trygd for 10 spd. kvar, og kommunen gav trygd for 500 spd. Dette blei eit grunnfond på 810 spd. Det skulle vera utan rente i 5 år.
Banken vart opna på Fjotland i Matias Fjotland sitt hus. Han flytta seinare til andre hus på Fjotland, var på Asemoen og kom 1896 til Tingstova. Der blei han verande sidan.
Til det første styret vart vald lensmann A. Berentsen form., Hans Tollaksen Aasen, varaform., Tobias Bergesen Lien, Olav Salvesev Lindefjeld og Andreas Tjølsen Røyland. Lars Høydal blei kasserar.
Dei første 25 åra var tunge for banken. Folk ville gjerne låna, men få sette inn. Dei 4 første låna var på 80, 60, 50 og 50 kr. Den første som sette inn, var Torborg Høydal. Ho sette inn 20 kr.
I kring 1900 blei bøndene kjent med å bruka kunstgjødsel, og på fleire gardar tok dei til med nydyrking. Eigarane fekk større avling og meir å selja. Det blei drift i skogane, vass-sager vart bygde, mykje tunnestav vart saga og selt. Hesjing av høy kom i
62
bruk. Det merkest i banken. Lånene blei betre betalt, og innskota auka, så det blei ljosare tider for banken.
Under første verdskrig 1914-18 vart det rikeleg med pengar. Innskota auka frå 117471 til 451821. Det blei jobbing i landet, og bankane ramla. Dette skapte mistru. Tollek Veggeland sa: «Eg set inn pengane, men æg ser dei nok aldri meir». I denne tida tapte ikkje banken noko på bygdefolk, men 5000 kr. på Vest-Agder elektrisitetsverk.
Under siste verdskrig tvinga tyskararie Norges Bank til å gje seg store lån. Banken måtte setja setelpressa i gang, og det blei pengeflaum som under første verdskrig. Etter freden kom vart dei gamle pengesetlane dregne inn og bytt om med nye. I Fjotland sparebank kom inn gamle setlar for 588585 og levert ut nye for 415490 kr. Det blei sperra eit riksinnskot på 6560 kr. Tanken bak dette var nok at ein skulle få att normale tider. Slik har det ikkje gått. Det har blitt ei pengetid utan like.
Mange har lagt ned arbeid i banken. Det er uråd å nemna alle, men desse har arbeidt lenge: Peder A. Kvinlaug, Nils T. Veggeland, Peder O. Neiland, Knut Mygland, B. Eiesland og sonen Jakob.
Fjotland sparebank har vore bygda si sparebøsse og hjelpt folk i så mange høve, så alle fastbuande og mange fleire har hatt samband med banken ved innskot eller lån.
Då dei første pengegåvene blei delt ut, gjekk pengane til 5 låntakarar som sat trongt i det. Banken har i alle år bruka så rimeleg rente som råd er, og har nokon ikkje kunna betalt på tida, så har dei fått utsetjing, så banken har i alle år vore ein tenar for folket i bygda.
Dei som arbeider i banken, kan ein seia representerer bygda. Alle kjenner dei, og dei kjenner kommunen og folket. Dei vurderer ikkje einsidig ut frå kva banken kan teva mest med, men kva den einskilde og bygda er best tent med. Dette må vere betre distriktspolitikk ennå byggja svære bankpalass.
Det er krefter i gang med å slå saman bankar til store einingar for å kunna gjeva dei lån som krevst i dag. Det er sant at det krevst store lån, men bankane kan samarbeida og i fellesskap yta lån etter evne utan samanslåing.
63
Ein storbank er dyrare å administrera, og det er låntakarane som må betala. Ingen kjenner deg i ein storbank, og du vert nøye granska om du er den du seier. Gjeld det eit lån, kan det ta lang tid. Banken må først undersøkja den garantien du kan gjeva. I bygdebank kjenner styret deg, og du kan få lånet på dagen. Det er noko triveleg med bygdebankar som ein ikkje finn i større bankar. Der må ein stå med hatten i handda.
Fjotlendingane må slå ring om banken og bruka han som sin bank.
Vi vrir på ein brytar og set på det elektriske lyset i stova, floren og på arbeidsplassen. Er straumen borte, er vi godt på veg hjelpelause. Ein famlar i mørke, vasspumpa står og skjegget må gro. Radio og fjernsyn er utan lyd. Det er vanskeleg å verdsetja straumen høgt nok når det gjeld trivsel. I tidlegare tider følgde folk døgnrytmen. Dei låg når det var mørkt og stod opp når det vart lyst. Første lyskjelda var bålet, så kom tyristikke og kring 1700 parafinlampe med veike og skruve. Parafinlamper var vanleg i alle hus. Ein rundbrenner hekk i stova og ein flatbren-ner i kjøkkenet. I floren vart det å bruka lykta. Parafinen måtte kjøpast, så folk sparde mest mogeleg. Dei sette opp omnsdøra for å lengda dagslyset, attåt støypte dei talglys som vart mykje nytta.
1879 laga Edison den første elektriske pera med koltråd som lyste. Seinare vart koltråden bytt med metalltråd. Det vart eit stort framsteg, for den tråden kunne lagast til spiral.
Vest-Agder bygde ut Skjerka i Åseral. Det vart eit stort lyft for fylket, og mange var i mot. Frå Skjerka vart så straumføran-de liner ført ut i fylket. Til Fjotland kom straumen 1922.
Før linene var ferdige, blei det installert i husa. To installatø-rar frå Lista, Mosvold og Brekne, hadde jobben. Folk tok ikkje mange punkt, bare til lys og ei stikk-kontakt. Den første instal-leringa var isolert elektrisk tråd som hang på sneller. Straum-mengda var vanleg 200 w med vippe. Tok folk formykje straum, varsla vippa med ein gong.
64
Då straumen blei sett på, vart det jubel, men grender som låg noko langt frå høgspentlina, fekk ikkje straum. Såleis fekk ikkje Selandsgrenda før 1952. Harbakk hadde då fått noko før. Alle gardar som det bur folk på, har nå fått straum. I Eftestøl bygde eigaren, Martin Eftestøl, eige elektrisitetsvert. 1979.
Tollak Veggeland hadde installert lenge før straumen kom. Pendelen hang rett over bordet utan pera. Dei sa til Tollak at han måtte få i pera for nå kom straumen snart. Qa, dæ må du seia, for elles kjæme vel ell og mørja rett i bore», svara Tollak.
Fjotland - 5
65
Skulen var frå først lagd under kyrkja. Det var presten som styrde den og hadde tilsyn. Vanleg var det og han som tok ut lærarane og lærde dei opp.
Det er nok lov om skulen frå 1827 som er opphavet til fast skule i Fjotland.
Presten Brochmann seier at føre det året var det ikkje fast skikk på skulen i Kvinesdal, og Fjotland var då ein del av Kvinesdal. Skulen føre 1827 var nok meir tilfeldig. I folketeljinga 1801 er nemnd 3 «skoleholdere». Det var: Gaud Eiesland, 21 år, Annbjørn Krågeland, 30 år og Torgrim Lindefjeld, 18 år.
Ein ser at det var unge lærarar. Det heng saman med at dei ikkje fekk løn. Dei fekk berre fri kost kring på gardane den tida skulen varde, og dei vart fri militærtenesta. For å sleppa denne tenesta tok unge gutar på seg å vera lærar, men dei slutta så fort dei kunne.
I 1812 hadde læraren 1 skilling om dagen av eit barn som lærde å lesa, og 2 skilling til dersom same barnet lærde å skriva. Det kunne bli kring 3 dalar om året. Læraren måtte truleg her som i andre bygder, krevja inn desse pengane sjølv. Ofte fekk dei nok då skjenn og ikkje pengar.
I 1817 ser lærarløna ut til å ha vore 12 dalar. Ein vanleg tenestgut hadde då 25 dalar. I 1862 er løna auka til 15 dalar for 24 veker.
I 1807 var skuletida 4-5 veker, men vart det året auka til 8. Foreldra vart svært misnøgde med denne aukinga. Ein prest var inne ein stad og skjende på ei kone for ho ikkje sende borna på skulen. Han fekk svaret at ho kunne læra borna like godt som læraren.
Fjotland — 7
97
Fjotland blei eigen kommune 1858.
Det blei då skipa skuledistrikt:
1. Narvestad. Spikkeland, nedre Kvinlog, Helle, Homme, Om-land og Årstøl.
2. Knibestøl, Galdal, Bruli og Veggeland.
3. Høydal, Haddeland, Valdro, Asen, Eiesland, Spillebrok og Vordal.
4. Mygland, Øyufsåsen, Asemoen, Fjotland, Eftestøl og Mjåvatn.
5. Risøy, Engedal, øvre Kvinlog, Stakkeland og Krågeland.
6. Røynebu, Eigeland, Bergesli, Harbakk, Røyland og Førlandsås.
Resten av gardane oppover bygda er ikkje nemnd, men det måtte vera dei gardane som seinare blei Lindefjell og Risnes kretsar.
Denne delinga stod ved lag i to år. I 1860 blei bygda delt i kretsar.
Veggeland krets:
Valdro, Haddeland, Grønnes, Veggeland, Bruli, Galdal og Knibestøl.
Eiesland:
Asen, Eiesland, Spillebrok, Vordal, Mygland, Fossdal og Kvæven.
Fjotland:
Øyufsåsen, Bergebakk, Asemoen, Fjotland, Vigje, Kvigenes, Daland, Mjåvatn og Eftestøl.
Helle:
Omland, Sandvig, Homme, Saurfid, Årstøl, Helle, nedre Kvinlog, Spikkeland og Narvestad.
Øvre Kvinlog:
Risøen, Engedal, øvre Kvinlog, Stakkeland og Krågeland Røyland:
Røynebu, Røynebuplassen, Eigeland, Harbakk, Bergesli, Røy-land og Førlandsås
Lindefjell:
Lindeland, Lindhom, Seland, Solli, Solesli, Lindefjell, Gunn-stensli og Moland.
98
Risnes:
Netland, Netlandsnes, Håland, Risnes, Knaben og Knabeneset.
På Mjåvatn, Eftestøl, Krågeland og Knabeneset skulle ein ikkje ha skule, for dei låg så avsides.
Denne delinga held seg heilt fram til 1963 med nokre endringer. Lindefjell krets vart delt til Kvenåsen og Gunstensli. Røyland vart til Harbakk krets. Eikeland vart overført til Kvenåsen og Netland til Gunnstensli.
Lærarpostane blei slik:
1. Eiesland og Veggeland
2. Fjotland og Røyland.
3. Helle og øvre Kvinlog.
4. Lindefjell og Risnes.
Bernt Spillebrok hadde post nr. 1, Andreas Spillebrok nr. 2, Sigmund Veggeland nr. 3 og Øyu Andreas Bergesli nr. 4, frå 1860.
Det blei gjort dette vedtak om skulen 1860. Skuledagen skulle ta til 8.30 og halda på til kl. 14. Skuletida var 11 veker i kvar krets, og skulle byrja 15. oktober.
Av skulebøker bruka dei Katekisma og Pontoppidans forklaring, Det nye testamentet blei vanleg brukt som lesebok. I 1864 blei Jensens lesebok kjøpt inn.
Det var stor misnøye med denne boka i Lindefjell og Risnes kretsar, så i 1869 kom det søknad omåta henne vekk frå skulen då ho verka skadeleg.
Det blei vedteke at i nemnde kretsar skulle berre læraren bruka ho, «I de andre kredse bør maaske foreholdes anderledes».
1 1864 finn ein desse faga på timeplanen: «Udvalg af Læsebogen. Katekismus, Bibelhistorie, Forklaring, Skrivning, Skrift-:æsing, Hoderegning, Stille Læsning eller avskrift, Regning, Sang og Søndagsevangelist».
Det er klaga mykje i gamal tid at borna ikkje møtte på skulen.
99
Her er ei gamal lærarvise:
Mester Erik er min gode venn, san.
Ingen lærer uten den, san.
Tuktens ris, san, bør ha pris, san,
jager djevler ut og gjør vis, san.
Borna og læraren for frå hus til hus og frå gard til gard, berre gardar som låg avsides slapp å halda hus. Dei var frå 1-4 dagar på kvar stad. Husfolket bar om kvelden inn halm og la over loftsgolvet, og der låg borna om nettene. Den turre maten hadde borna med, men dei våte måla, dugurd og kveldsmat, fekk dei i huset. Ofte var det så mange born at nokre måtte venta på tur for å få tak i skei.
Alt arbeid i stova gjekk som vanleg om der var skule. Mannen i huset laga gjerne river, og kona sat og spøta. Borna sat kring langbordet, på slagbenken og i omnskråa. Det meste av skuledagen gjekk med til å høyra leksene. Det var berre gutane som lærde å skriva.
Det var nok ikkje store vanskar med disiplinen. Men denne resepten har eg funne: «Frugter ikke Kjærlige Advarsler og Påmindelser noget eller Barnets Forhold skulle være av graverende Art og Natur, har Læreren at følge Barnet til dets Hjem og gjøre dets Foreldre bekent med Forseelsens eller Ulydighetens Beskaffenhet og fodre Barnet Straffet. Dette sker i Lærerens Nærværelse og samtidig med hans Opfodring herom».
Lærar Oyuf Andreas Bergeslien har i eit brev 28. mars 1863 til Per Eiesland skrive noko om husa som omgangskulen måtte halda til i:
«Vi gaar ind i bagdøren — der findes ingen anden — kommer ind i Ildhuset, hvor der er kuldsorte Vægge, bagom døren ligger et lag raa Ved. Her er ikke kun Ildhuset og Stuen, vi faar lukke i gjen døren, aa nei, hun vil ikke folde i gjen, det skiller 3 Fingre, vi er der nu. En bitteliden mørk stue. Nei se, bare 2 hele Glassruder. Bordet er 11/2 Alen langt, men det ligger fuldt af
100
snafs, men her er 2 digre Senge, en stor Kiste, som just faar Rum mellem Bordet og Sengen. Uf, her var koldt, Aa ja, se hvor det gliser ud i Væggen, der hvor de stykker ere indfældte. I midler-tid er konen kommen ind og har lagt af den raa ved paa Ilden, en tyk røg vælter ud gjennem den gisne Dør, nu er det saa vidt jeg kan se. – – Skolen skal ikke være der i Aar».
Han skriv og i same brevet noko om skulematerial og lærebøker frå den tid:
«for skolen er gjort noget efter min Mening ganske godt. Du ved hvor fast man sidder naar Børnene ingen Skolematerie) har, men nu har Præsten paataget sig at holde en )iden boghandel med Lærebøger, Papir, m.m., og Skolelærerne faaet Myndighet til paa Forældrenes Bekostning at skaffe Børnene saadant. Forandring i Lærebøger ser det ogsaa ud til at blive. Istedenfor den store Forklaring (Pontopidan) skal vi faa i gjen den lille, og i stedenfor Bibelhistorien vi nu har, skal vi faa Vogts, det kaller jeg ogsaa forbedring.»
Lærarløna var 1860 kring 15 dalar og kosten. Så seint som 1866 blei Lindefjell og Risnes lyst ut «med kosten». I nemnde år vart kyrkjesongarposten lagt til skuleposten Fjotland-Røyland. Då skulle kyrkjesongaren ha 16 skilling i kostpengar om dagen.
I Kvinlog krets skal ikkje læraren gå rundt å få sin mat. Dei skal koma med maten til han eller betala 16 skilling pr. dag. Det vart vedteke 1870. Det var vel slik i dei andre kretsarie og. Det var tilsynsmannen i kvar krets som skulle krevja inn kostpengane, men så nekta tilsynsmennene i Eiesland og Veggeland å gjera det. Då måtte dei tilsetja rekneskapsførar.
1 1874 er løna auka til 20 dalar om året.
101
Folk var nok ikkje tilfreds med omgangskulen, å fara frå hus til hus, så tanken om skulehus for kretsen kom nok snart opp. Såleis talar Veggeland om skulehus alt i 1862, men eit skulehus var ikkje bygt over natta.
Som ein overgang kom rotestovene. Det blei leigt ei stove der skulen skulle vera fast for kretsen. Denne stova kunne like gjerne ha heitt kretsstova.
Veggeland krets fekk først rotestova 1865, og snart blei det vel vanleg i alle kretsar.
Folk var langt frå nøgd med rotestovene. På eit kretsmøte i Røyland krets, sa Anen Larsson Røynebu «at hvis han ikke fik Omgangskole vilde han melde sig ut af Skolens Udgifter».
I 1877 søkjer Røyland om å få skulehus, men søknaden blei ikkje imøtekomen.
I tida 1880 og fram til 1900 blir det bygt det eine skulehuset etter det andre.
Veggeland fekk først, men Eiesland, Fjotland, Røyland, Helle, Kvinlog og Risnes kom snart etter. Lindefjell stod att. Då kret-sen blei delt 1923 i Kvenåsen og Gunnstensli fekk dei hus same året.
I Kvenåsen var det strid om kvar skulehuset skulle stå, alle ville ha det på sin gard. «Men så kom skuledirektøren gamal og grå og sa som så: I Kvenåsen skal huset stå».
I Risnes var ikkje bru over Kvina. For å få skulehus lova alle gardeigarar så nær som ein, at dei skulle ro borna til og frå skulen kvar dag. Det måtte vera uthus ved skulen. Ein mann i Risnes lova å kosta eit «mot å erholde jødselen».
Alle desse skulehusa med undantak av Kvinlog og Helle, gjorde teneste fram til 1963. Då blei skulen sentrallisert til Kvinlog. Helle og Kvinlog hadde føreåt fått nye. Det gamle skulehuset blei setehus i Øyufsåsen og Helle sitt blei flor til sauene åt Johan Jerstad på Kvekkerinnen. Skulehusa på Vegge-
102
[bilde]
Slik såg alle gamle skulehus ut: inngang, skulestove og lærarrom.
land, Eiesland, Harbakk (Røyland) og Kvenåsen gav kommunen kretsarie til forsamlingshus. I Harbakk brann det gamle, men for branntrygda bygde kretsen nytt. Margit Eftestøl kjøpte skulehuset i Risnes og bygde seg setehus medan Ruth Hunsbedt kjøpte huset i Gunnstensli til ferieplass. Ho hadde rett på tomta.
I 1903 blei Salmeli krets flutt over til Fjotland. Skulen der vart nedlagt 1929 og huset fekk Gunnar Kvinen 1971.
Det blei så mange skulepliktige born på Knaben gruvor at dei fekk skule frå 1930. Skulen starta i ei brakke i Ørnehommen. Eige kom i 1954. Barnetalet auka, og i 1953/54 er skulen 3-delt, seinare 4-delt. Då den nye skuleskipnaden skulle setjast ut i livet, blei det arbeidt for endå nytt skulehus. Det blei vedteke og gjort ferdig 1973. Nett det året la gruva ned drifta, og folk flutte frå, så skulen måtte slutta. Sidan 1974 har det vore forsøksdrift med leirskule. Det blei fast skipnad frå 1977.
I si tid bruka Fjotland Holmsen og Strøm til lærebok i natur-
103
fag. Om apekatten stod at han liknar menneske i bygning. Ein elev i Risnes fortalde det slik: «Apekatten likna på menneskanne i bygdæ».
Det er berre ein skule i Fjotland nå, men det har vore 11. Desse held på å gå i gløymeboka.
Til Salmeli-krets høyrde gardane Homstøl, Smålødnan, Knabenes, Solhorn og Salmeli. Kretsen søkte seg over til Fjotland 1904. I den tida var det vanleg skikk å gå til altars vår og haust. Presten B. A. Lindeland i Sirdalen lika ikkje vanegåing. Han nekta. Folk frå dei nemnde gardane lika ikkje dette og søkte seg over til Fjotland. Det kan ha vore andre grunnar og. Dei rekna kanskje med at vegen langs Kvina ville halda fram til grenda deira. Det var gruvedrift i Knabeheia. Kanskje ville det bli lettare å få arbeid når ein høyrde til kommunen. Føregangsmannen for overflyttinga var Gunnar T. Salmeli, Homstøl.
I 1904 budde det folk i alle husa i kretsen. Barnetalet var oppe i 15, men etter nokre år tok dei til å flytta frå, nokre til Sirdal, andre til Sandnes. Det blei nok for tungvint utan veg, alt måtte fraktast på ryggen eller med hestekløv. Dei var flinke til å nytta vinterføre.
På kretsmøte 28/10-1897 tok Peder Torkelsen på seg å byggja skulehuset i Salmeli for 530 kr. Skulestyret skulle fastsetje storleiken. Kvar oppsitjar skulle gjeva gratis eit dagsverk med undantak av Gunnhild Salmeli. Ho gav gratis tuft. I kretsprotokollen står at huset skal vere ferdig «milsæli» (mikkelsmess) 1889. Dette tilbodet ser det ut til at presten Lindeland, som var tilstades på møtet, godtok med ein gong. Då huset var ferdig, kytte fleire at det var godt gjort. Men B.A. Lindeland sa: «Det er så godt fuska som det kan bli».
Huset blei nytta til skule fram til 1929. Då var det ikkje born nok. Oddmund Homstøl køyrde i mars 1931 skulemateriellet i Salmeli over heia til Knaben gruvor. Han har sett opp denne lista over lasset: «I veggtavla, 2 skuleprotokolls, 1 kart over metrisk mål og vekt, 1 Norgeskart, 1 globus, 1 kubus, 1 kulesta-
104
[bilde]
Skulehuset i Salmeli.
tiv, 12 plansjer for Helselære, 6 testament, 5 sangbøker, 1 forklaring, Landstad salmebok».
Skulehuset vart lite nytta i mange år. I 1971 gav Kvinesdal kommunestyre det til Gunnar Kvinen. Ikkje alle i kretsen var enig i det. Kretsen held stivt på bokmål og gjekk først over til nynorsk 1927. Skuleboksamlinga hadde 1910 28 bøker.
Frå 1904-16 var Alv S. Lindefjeld lærar. Etter den tid er det mykje skifte. Ein finn desse lærarane: Eivind Lande, Ragna Meland frå Farsundskanten, Arne Helle, Johannes S. Haddeland, Tobias Lindefjeld og Alv Risnes. Utan lærarutdaning: Sigbjørn T. Helle, Alfred Eftestøl og Jakob O. Risnes.
A/S Knaben Molybdængruver starta opp att drifta 1923. Ho hadde lege nede nokre år. Etter kvart som det blei husrom å få, tok arbeidarane med seg familiane sine. I 1930 var det 6 skule-
[Bilde]
Knaben skule.
Framme f.v. Ingebjørg Øksendal, Solveig Tjørnhom, Ingrid Kvinlaug,
Ansgar Røyseland, Trygve Kjell Tjørnhom, Kjell Døhl, Reidar Gangså,
Gunnhild Egeland, Just Erik Berg.
Bak f.v. Ingeborg Moland, Elfrida Rostøl, Grethe Stiguro, Jenny Rostøl,
Andr. Th. Mygland, lærar, Tonny Gangså.
pliktige elevar. Då måtte det opprettast skule. Det blei ein samla klasse med Andreas Th. Mygland til lærar. Undervisningsmateriell blei overført frå den nedlagde skulen i Salmeli.
Skulen tok til i ei brakke i Ørnehommen. Seinare blei han flytt til ovanpå Kapellet og så til Forsamlingshuset. Eige hus vart bygt 1954. Det var Normann Straumland, Nes, som hadde arbei-
det for 120000 kr.
Barnetalet auka, og i 1953/54 er skulen 3-delt, seinare 4-delt.
Skulen fekk leikeplass 1958. Aslak og Lars Kvinlog gjorde arbeidet for 8000 kr. Vidare blei det bygt lærarbustad 1960. Han kosta 53500 kr. og Trygve Stakkeland hadde tilbodet. A/S Knaben Molybdængruver gav 10000 kr til dette bygget.
Nynorsk vart nytta frå skulen starta til 1954. Ved kretsavrøysting då var 88 for bokmål og 6 for nynorsk.
106
Andreas Th. Mygland var lærar til 1954. Då fekk han permisjon eit år. Etter permisjonstida sa han opp. Ei tid etter kom Bjørn Mofossbakke. Han var nokre år. Etter han slutta, blei det mykje skifting. Ein finn desse lærarane som har arbeidt i stut-tare tid:
Olav Engedal
Leif Skregelid
Arild Sandvei
Av vikarar og konstituerte har det vore mange:
Jon Evju Augund Evju
Ronald Grini Olav Stakkeland
Ingeborg Taxerås Inger Marie Hørsdal
Erna von Riegen Gunnhild Glendrange
Edith Knaben Robert Hornemann
Oddmund Nybo Inger Sandvei
Dagny Sigersvold Liv Grini.
Då Gunnhild Glendrange tok lærareksamen 1963, vart ho tilsett straks etter til styrar. Då skulen slutta 1973, var desse tilsett attåt henne: Holen, Edith Knaben, Dagny Sigersvold og Inger Sandtveit.
Skulane hadde eit vandreskjold for vinteridrett og eit for sommaridrett. Det var ei stor ære for ein skule å vinna eit slikt. Det var vanskeleg for dei andre skulane å klara Knaben i vinteridrett.
Til den gamle skulen høyrde gardane Netland, Netlandsnes, Haland, Knaben og Risnes. Frå først av var det omgangsskule. Sa blei det fast skulestad med rodestove. I 1897 kosta det 1.80 kr. pr. veke å leiga ei slik. Kretsen søkte så om å få skulehus. Oppsitjarane med undantak av Tobias Nilsson, tok på seg å ta mot skuleborna og gje dei husrom, lys og varme saman med familien. Vidare skulle dei ro borna til og frå over Kvina når det
107
[bilde]
Risnes skule. Eksamen 1928.
Øvst f.v. Kittel Kaspersen, Sonen Olav, Ivar Risnes, Karen Tonette
Risnes, Peder Lindeland, Torolv Kvinen, Ingeborg Eftestøl.
Midt f.v. Inger Knaben, Jørgine Eftestøl, Jakob Knaben, Karen Tonette
Lindeland, Samuel Solhorn?, Jakob Risnes, Ivr Netlandsnes, Alv Risnes
lærar, D. Smith-Øvland prest, Sigrid Lindeland, Karen Smålødnan,
Anna Moland, Anne Sofie Knaben, Dårte Knaben, Gunhild Fosselid og
sonen, Tonette Risnes, Anna Risnes, Børild Lindeland, Maria Øksendal,
Sigbjørn Risnes, Torborg Risnes, Anna Netlandsnes, Berte Øvedal,
Margit Eftestøl.
Skuleborna f.v. Gudrun Kvinen og ein liten, Olga Knaben, Lilly Fosselid
og broren, Olav Kvinen, Anna Knaben, Sofie Knaben, Alma Netlands-
nes, Asta Fosselid, Andreas Knaben, Torleiv Knaben, Torleiv Eftestøl,
Solveig Knaben, Per Lindeland, Torkel Risnes, Sigurd Netlandsnes,
Aslaug Netland, Kolben Risnes og Torbjørg Risnes.
blei kravd. Kretsen meinte dette måtte tinglysast. Skulestyret hadde ikkje noko mot det, men bad kretsen ordna det.
I skulestyremøte 12. des. 1897 blir det opplyst at kommunen hadde bortsett oppføring av skulehus i Risnes til Peder Johan Netland for 650 kr. Huset blei då truleg ferdig 1898, for då fekk Ole O. Netland pålegg «at snarest mulig besørge huset assurert i en almindelig Brandkasse».
Dette huset blei brukt til skulerom fram til 1963 då skulen
108
vart sentrallisert til Kvinlog. Huset vart måla innvendig 1900 for 75 kr. og fekk nytt tak 1913. Kvinesdal kommune selde huset 1966 til Margit Eftestøl for 2600 kr. Ho har kosta det rive og flytt til ei anna tuft i Risnes. Skuletufta gjekk attende til garden ho var komen frå.
I 1891 vart det på eit kretsmøte drøfta etter oppmoding frå skulestyret om ein skulle bruka kroppsleg straff i skulen. Det gjekk kretsen samrøystes i mot.
Andreas Toreson Netland var lærar i mange år. Han slutta 1894. Så kom Tobias Tollisop Eftestøl. Av andre lærarar som har vore tilsett, finn ein:
Torgrim Krågeland Alv S. Lindefjeld
P. Haram Eivind Lande
Bertine Hustveit Albert Meland
Ragna Meland Agate Smith
Alv Risnes Georg Brådland
Vikarar og konstituerte:
Ingeborg P. Kvinlaug Jakob O. Risnes
Sigbjørn T. Helle Alfred Eftestøl
Johannes S. Haddeland Tobias Lindefjeld
Sigurd Mygland Torvald Kvinlaug
Tore A. Mygland Nanna Osnes
Magne Moland Asborg Vatne
Erik Skregelid Agnes Foss
Gunnhild Glendrange Reidar Johannesen
Risnes krets stod ved lag ubrigda til 1923. Då vart Netland skild frå og ført over til den nye kretsen Gunnstensli.
Under siste verdskrig tok tyskararie skulehuset fleire gonger. Ei bombe vart slept over Risnes. Ho gjorde skade på skulehuset.
Gunnstensli er ingen gamal krets. Det er ein del av den gamle Lindefjell krets. Til denne høyrde gardane Moland, Gunnstensli, Lindefjell, Solli, Lindhom, Seland og Lindeland.
Det vart mest kvart år søkt skulestyret om å få skulehus på
109
eller nær Lindefjell, men Seland og Lindeland var i mot, det blei for lang skuleveg for borna deira.
Sibjørn T. Solli kom med framlegg 3. des. 1917 at Lindefjell krets skulle delast. Moland, Gunnstensli og Lindefjell saman med Netland skulle vera ein krets. Netland måtte då flyttast
[bilder]
Gunnstensli skule. Georg Veggeland lærar.
Øvst f.v.: Artur S. Lindefjell, Sigurd Lindefjell, Alv Lindefjell, Jack
Lindefjell, Salve Lindefjell, Tellef Risøen, Odd Lindefjell, Olav Netland.
2. r. Kari Lindefjell, Oddbjørg Lindefjell, Sigrid Netland, Helga Huns-
bedt, Konstanse Lindefjell, Agnes S. Lindefjell, Agnes A. Lindefjell,
Helene Netland.
Fremst: Artur A. Lindefjell, Herman Lindefjell, Johan Lindefjell, Eldrid
Hunsbedt, Judit Åmot, Else Marie Moland, Jenny Netland, Elly Moland.
110
over frå Risnes. Resten av Lindefjell krets saman med Eikeland skulle vera den andre. Eikeland måtte då førast over frå Har-bakk krets.
Dette framlegget vart godkjent med tida. Skulehus skulle byggjast midt mellom Netland og Lindefjell. Ved måling vart midtpunktet i tunet i Gunnstensli. Tufta vart difor flutt kring 100 m nærare Netland. Peder O. Netland tok på seg å setja opp skulehuset som vart ferdig 1923.
Den nye kretsen starta med Agathe Smith og Georg Veggeland til lærarar. Ein finn at Tor Veggeland, Tobias Lindefjell og Andor Nygård har vore vikarar. Etter siste verdskrig kom lærar Rolf Lønn.
Då skulen vart sentralisert 1963, kjøpte Ruth Hunsbedt skulehuset til feriehus for 5625 kr. Tufta var ikkje gjeven bort til anna enn skule, ho gjekk attende til jorda kring om som Ruth Huns-bedt åtte.
Lindefjeld krets blei delt 1922 og borte. Det var ein lang krets, rakk frå og med Moland ned til og med Lindeland.
Andreas Toresev var lærar og slutta 1894. Etter han kom: Tobias Eftestøl
Torgrim Krågeland.
P. Haram.
Eivind Lande.
Bertine Hustveit
Albert Melang
Sigbjørn Helle, vikar 1921
Berta Eftestøl, tilsett 1922.
Berta Eftestøl blei såleis siste læraren i gamle Lindefjeld krets.
Sjå Gunnstensli krets.
Då Eikeland skulle førast over frå Harbakk krets, ville ikkje denne kretsen gjeva noko svar før ein visste kvar skulehuset skulle stå. På folketunga vart det til at kvar gard ville ha huset. I ei vise frå denne tida heiter det:
111
«På Solli er inga små,
men det kan så snart rettast på, og Salve han meiner som så, på Solli skal skulehuset stå.
Men så kom skuledirektøren, gamal og grå. Han sa som så:
I Kvenåsen skal skulehuset stå».
Og slik blei det. Torgje Solli var byggmeister, og huset vart teken i bruk 1923, trygda for 5000 kr.
Desse har vore lærarar:
Georg Veggeland Andreas Th. Mygland
Tor Veggeland Torvald Kvinlaug, vikar.
Skulehuset er nå forsamlingshus for kretsen som har gjort mykje, sett huset i stand og pussa det opp.
[bilde]
Kvenåsen skule.
Bak f.v.: Magne Homme, Nils Veggeland, Salve Seland,
Arild Førlandsås.
Framme: Tonny Førlandsås, Audny Veggeland, Borgny Homme, Gladys
Førlandsås, Tor Veggeland, lærar.
112
Arbeidarpartiet fekk fleirtal 1946 og fekk då ordføraren. Men både før 1946 og etter 1948 var det venstre eller bondepartiet som hadde ordføraren. Eit undantak var Hans Kvinlog, men det var arbeidarpartiet som sette han på plass. Det var hausten 1958. Han blei siste ordføraren.
Jørgen Asemoen (bondep.) diskuterte politikk med Alf Risnes som var venstremenn og spurde: «Kva vil venstre?». «Venstre vil adde væl», svara Alv.
Formannskapslova vart vedteken 1837. Nett det året vart Fjotland eigen kommune, men dette vedtaket vart gjort om att 1841, så Fjotland laut vera saman med Kvinesdal og Feda i 21 år til. Endeleg vart Fjotland skild frå 1858. Nå blei det 105 år til å vera sin eigen herre. I 1963 vart nemnde bygder atter slått saman.
Til ordførar 1858 vart vald Sigmund Veggeland. Han var lærar og gjekk under namnet «Tjurre-Sigmund». Han held skule i Kvinlog- og Helle kretsar og kom sist til Eiesland og Veggeland.
Fjotland hadde ikkje rom til hveradstyremøte. Sigmund fekk leigt hjå Isak Neiland. Han hadde landhandel på Fjotland. Møtestaden blei Fjotland, og det gjekk greitt. Folk var van med å samlast der. Kyrkja var samlingstaden. Tanken om eige forsamlingshus kom snart opp, men ikkje løyst før 1896, då i samarbeid med Fjotland sparebank. Dette huset gjekk under namnet «Tingstova». Det vart ombygd i 1934. Banken tok halve kostnaden. Kvinesdal kommune selde sin rett i huset 1981 til banken.
Det var age for prestane i eldre tid, dei hadde skuleutdaning. Ikkje mindre enn 3 prestar har vore ordførarar. Først kom Borch 1861-62, så Rolfsen 1869-70 og Høyland 1905-12.
Sigbjørn Helle var ordførar lenge, 1862-68, 1870-76 og 187990. Han var bondegut, fødd 1815 og var lærar 1837-56. Han var og stortingsmann ei tid. Det var stor strid om vegane i Fjotland.
176
Skulle dalevegen halda fram frå Fjotland om Harbakk til Kna-ben? Eller skulle vegen opp Vesterdalen koma først? Sigbjørn Helle var for det siste og blei vraka som ordførar. Olav Knaben vart vald og sat 1877-78. Av andre som har vore ordførarar, finn ein: Jakob Eiesland, Gunnuf Eiesland, O. A. Lindefjeld, Tønnes Helle, Sigbjørn Eiesland, Alv Risnes, Einar Wirak, Bernt Eies-land, Jørgen Galdal og sist Hans Kvinlaug. Bernt Eiesland var i fleire periodar, 1920-22, 1929-30 og 1948-51.
Alv Risnes var ordførar då krigen kom 1940. Han måtte ta i att ei tid etter freden til det kunne haldast val.
Under krigen var Andreas T. Mygland ordførar, innsett av Nasjonal samling.
Melodi: Hellig Olav stod på stranden...
No vil eg på harpa slå eit bittegrand for vaart nye heradstyre
der er inkje mindre med enn 16 mann alle saman fæle fyre.
Fyrst hev me i Homstøl no ein kar minnest eg kje feil so er han son av far Gunnar heitter han
er ein rugg te mann
justsom at du ser ein rise.
Kjem me ned til Risnes hev me Jakob med. Han som er so lett paa foten
og slik deilig prædikant han æ
visst den beste her paa kloden
og der ned på Netland hev me Tolli au. Ja, det tor eg seig: Han er ingen sau og han Peder slong
au med denne gong
so dei hev nokk uppigaran.
179
105