Fra
bind 1 Følgende
er kopiert fra Jens' si bok: Fjotland sogebok av Johan Jerstad
Utgjeve
av Fjotland herad 1949(Første
Bind:)
Lindefjell..
Lindhom..
Lindeland..
Mygland..
Netland..
Netlandsneset..
Risnes..
Røynebu..
Salmeli..
SelandSpillebrok..
Dorgaætti. (s476)
I 1801 sat det tvo par i Gunstensli og bruka garden sama Per Isaksen Dorga
(1745-1810), g. m. Gunnhild Oddsdotter og son deira Isak Dorga (1781-1871),
g. m. Gunnhild Torgjesdotter Netland. Verfar til Isak ser ut til vera halvbres
:t Borgaren i Risnes. Isak blir kalla Dorga av ættingane, men er skriven
for Liland i kyrkjeboka. Ætti må difor vera frå Dorga og ha budd ei stund
på Liland, fyrr ho kom til Fjotland.
Frå denne Isak Dorga er her ei vidgreina
ætt. Han fekk snart etter garden til verfaren og flutte til Netland. So døydde
Gunnhild og han blei uppattgift med Ingerid Torkjellsdotter Risnes, dotter til
Borgaren. Dei tvo brudlaupi stod 15. juni 1800 og 1. okt. 1813. Der var mange
born og me skal nc!n--z nokre av dei og ættingane deira.
1. Ivar (1801-76).
Han var son etter Gunnhild. Han var gift med
Kari Massdotter Lindefjell og fekk halve farsgarden i 1850, med di Isak då
kløyvde garden millom sønene Ivar og Per. Sonen Isak fekk garden etter Ivar.
Han døydde i 1881, og enkja, Tøri Torjusdotter, gifte seg att med Andreas Tjølson
Asemonen og flutte dit. Mass, bror til Isak, kjøpte då garden i 1886. Han var
gift med Lise Persdotter Håland, og dei budde fyrst på Håland, hadde eit lite
bruk der på 1 5/14 engelsk. Son deira er Ivar, som er gift med Berte Olsdotter
Lindefjell. Av systrane hans er Gunnhild gift med Kittel Kasperson og bur i
Fosseli og Petra med Torgje Toreson Risøy og bur på Netland. Karen Martine var
gift med Askjel Solhorn som var stiger på gruva i mange år. — Dei borni til
Isak Dorga som er nemnde heretter er born med Ingerid.
2. Torgje (1814-1835).
Han var fyrste barnet med Ingerid. Etter
netlendingane var han son til Gunnhild, men det må vera misminning. Men han
heitte tydelegvis etter far hennar. Torgje bleiv i Kvina. Der var ein åsdøle,
Tore Toreson Røyseland, som skulde på friing til Turi Evensdotter Netland. Ho
var gardgjente og hadde so mange friarar som det var holmar i Hisvatnet. Åsdølen
kom i fylgje med Torgje Netland og Jo Olson Eigeland. Dei var inne på Eigeland
og drakk, han var gassgjevar Jo. Då dei kom til Neset, skulde dei ro yver ai,
og tok hesten til åsdølen med i pråmen. Det kom nokre born springande og vilde
vera med, men dei aga dei i land att. Då dei kom utpå, kanta pråmen, og dei
blei der alle tri. Åsdølen kom i land, men la ut att for å hjelpe Torgje, og
so bleiv han og. Dette hende pinslaurdagen 6. juni 1835. Åsdølen fann dei att
med same. Jo flaut upp ovanfor Kvidingen ein dag sist i juli då tora slo.
Lik flyt upp i torever. Salve i Neset var heime av stølen etter mat og fann
han. Torgje fann kjuringane på same tid nede ved Gunnstensli. Kyrne bura so,
og so fann dei han.
[Bilde av Mass Netland 477]
3. Per (1820-95).
an var fødd 1820 og gift med Anna Josdotter Lindeland
Han fekk skøyte på halve farsgarden i 1855. Dei
hadde tvo gjentor, Ingerid (f. 1854) og Ingeborg (f. 1856). Den siste blei gift
med Tollei Torkjellson Netland og den fyrste med Olav Person Eigeland.
Olav skula noko. Tollak Veggeland fortel at han ei tid gjekk i skule for Olav.
I 1870 var han lærar på Øksendal.
Olav og Ingerid fekk garden i 1877. Sønene deir-e. er Peder Netland, gift med
Siri Andreasdotter Netland og Per Andreas Vordal, gift med Torborg Olsdotter
Lindefjell. Dotteri Gunnhild var gift med Andreas
Joson Eigeland.
4. Torkjell (1825-97).
Han var gift med Siri Tolleisdotter Knaben,
enkja etter lærar Tore Atlakson Lindeland. Far hennar åtte eit bruk . Netland
som dei må ha fenge. Dei hadde sønene Tollei Netland og Isak, som budde i Netlandsneset,
Hardbakk og på slutten i Bakkesogn. Tollei og Ingeborg hadde sønene Isak, som
er gift med Martine Kolbensdotter Håland og bur på Straumland, og Tolle som
er gift med Lovisa Pedersen og bur på farsgarden. Isak (1865-1932) var gift
med Anna, syster til Peder Olson Netland. Dotteri Ingerid bur i nere
Harbakk og var gift med Olav Jakobsen Røyland. Siri er gift med Johannes Nordås.
5. Torkjell Matias (1833-1900).
Han var gift med Anna Olsdotter
Førland. Dei budde i Netlandsneset ei tid. Son deira er Olav indre Åsen. Han
var gift med Antonetta Jespersdotter Stakkeland. Eldste son deira. Torkjell,
er i Amerika, og ein yngre son, Johan, sit med garden i Åsen.
6. Anna.
Ho var gift med Tosten Ivarson Netlandsnes. Son deira
er Ivar Netlandsnes, gift med Anna Hansdotter Røynebu. Sønene deira er Tosten,
gift med Elisabet Ljosdal, Isak, gift med Jenny Nordås og Sigurd, gift med Gurine
Aurland frå Kvinesdal.
7. Mari.
Ho var gift med Torjus Tostenson Netland. Isak son deira,
var gift med Karen Tobiasdotter Røyland. Han handla på Fjotland ei tid og flutte
sidan til Bakkesolen. Tøri på Asemonen var syster hans.
Dette er av dei store ættene. Ættfaren Ivar var ute i Kalmarkrigen 1612. Han pantsette Risnes til Kidel Finsnes i 1630 for 32 rdr., som eldste sonen Torgje løyste inn att i 1636. I 1687 la Kidel Torgjeson sak mot farbrørne Gullile og Kolben, som ikkje hadde lagt ut noko på dette. Det slutta med ei semje, at Kidel skulde ha Innigarden og farbrørne Udigarden. Me skal fyrst fylgja Innigardsfolket: