Her følger et utdrag fra bygdeboka som gjelder det bruket som jeg tror min tippoldefar byttet mot et bruk på Knabenes i Fjotland:
1034-63/3 (Hægebostad - Blåka i Eiken / bruk 3)

Blåka Ytre Gnr 63

Eigarar og brukarar

 

Ånen Rasmusson sitt bruk - 3/4 hud, fra 1730 18 3/4 ksk  s177

Lnr 170 - skyldlr 2-2-18  s181

Lnr 170a -Bnr 1  skyldm 0,89 -Kringla  s182

Lnr 170b s183

Lnr 170b1 -Bnr 2  skyldm 0,68 -Hauakeren  s184

Bnr (2)3  skyldm 1,03  -Hauakeren  s185

BLÅKA

Bjørn Rasmusson sitt bruk – skyld 3/4 hud – frå 1730 11 1/4 ksk

Bjørn Rasmusson Blåka f ca 1600. Born:
* Elling f ca 1623, sjå seinare.
* Torkel f ca 1640, sjå seinare.
Bjørn fekk i 1610/11 eit øksehogg av Knut Håberg då dei var på ridetur til Blåka. Han fekk bot 1617/18 for å ha hogge til Steinar Bryggesåle i kinnet med ei øks. Bjørn blei i 1646/47 bøtelagt for "ulydighet". Han bygsla 3/4 hud i Blåka frå 1618/19 til 1658/59. Då tok han føderåd hos sonen Torkel. 1 1647 åtte Bjørn 4 1/2 eng i Ro, Hægebostad, truleg det same som faren åtte kring 1617. 1 1662/63 betalte Bjørn odelsskatt av 3 ksk i Ro.

Torkel Bjørnson Blåka f ca 1640.Torkel fekk bot i 1658/59 for han etter påbod ikkje hadde reist på festningsarbeid. Han bygsla 7 1/2 ksk i 1660/61 etter kontrakt. I 1661 er Torkel nemnt som brukar av halve Blåka ytre med faren i føderåd. I 1688 bygsla Torkel på nytt 41/2 eng i Blåka ytre.

Elling Bjørnson Blåka f ca 1623. Born:
Ola, sjå seinare.
Ingeborg sk 1684 g Ola Jonson Hobbesland f ca 1628, til Hobbesland.
Elling bygsla 7 1/2 ksk i 1660/61. Ein  han siste gong nemnt i 1678, då han fram­leis bygsla 71/2 ksk.
Enkja etter Elling g 11 Steinar Jonson Hobbesland f ca 1624 sk 1687. Dei er førte med familien under Vatne ytre. Sonen i første ekteskapet tok over bruket på Blåka.

Ola Ellingsen Blåka d etter 1743 truleg g Barbro Stålesdotter Skeie nordre. Born:
* Tore sk 1740 g Asgjerd Stålesdotter Vårdal, Grindheim, til Vårdal.
* Elling f ca 1685, sjå seinare.
* Anen d ca 1714, drog til Kristiansand, seinare til Holland, København og Ostindia. Ola Ellingsen bleifØrste gong nemnt som leiglending i 1685 då han bygsla 7 1/2 ksk. Han levde så seint som i 1743. Då vitna han i ein grensetvist mellom Vik austre og Neset.
Ola Ellingsen var innblanda i eit drap på Siri Ånensdotter Eiknes. Etter drapet rømte Ola, og faren møtte som vitne i staden for han under rettsaka.
Sonen tok over bruket.

Elling Olsen Blåka f ca 1685 d etter 1755 g Asgjerd Olsdotter Blåka. Born: Fredrik ca 1706-1770 g 1744 Mali Torgrimsdotter Hægeland, Kvås 1706-1786, til Hægeland.
* Ola f ca 1709 sk 1755, sjå seinare.
* Barn f 1712, truleg Ivar, d 1806 på Lande, Feda.
* Ånen f 1714 g 1 1737 enkje Ragnhild Osmundsdotter Eikerapen, Åseral sk 1769 g 11 1780 Asborg Olsdotter Kylland, Åseral ca 1738-1813, til Eikerapen.

189

Elling betalte skoskatt for seg, kona og to born i 1711. Han blei nemnt på Blåka i 1718 og var i live så seint som i 1755. I 1730 fekk Elling overført 11 1/4 ksk i Blåka ytre frå Jens Braunmann. Kring 1730 tok han føderåd hos borna mot årleg tre tønner korn, føde til to kyr og åtte sauer. Sonen Ola fekk kjøpt bruket mot å betala pante­pengane 150 rdl.

Ola Ellingsen Blåka f ca 1709 sk 1755 g 1728 Torborg Ansteinsdotter Gletne d før 1755. Born:
* Anna 1729-1799, sjå seinare.
* Ola f 1733 d før sk 1755.
* Asgjerd 1735-1784.
* Elling f 1738 truleg g Ellen Jakobsdotter f ca 1750, til Bjellerås, Eide.
* Ola 1741-1782, til Arendal.
* Ragnhild 1745-1802, sjå seinare.
* Anstein f 1748 g Helga Nilsdotter, Tveit f ca 1742, truleg til Tveit.
På skiftet etter Ola var bruttoformuen i buet lausøyre for 16 rdl. Gjelda var på 19 rdl. Jorda var i pant hos Ola Ommundson Blåka for 160 rdl. Den eldste sonen gav frå seg odelsretten. Han skreiv gåvebrev til den eldste søstera si, blei det opplyst ved skiftet etter svogeren Ola i 1785. Men brevet blei ikkje lagt fram.

Anna Olsdotter Blåka 1729-1799 g 1777 enkjemann Ola Torkelson Refsnes. Grindheim 1714-1785. Ola hadde vore gift to gonger før. Han budde med første kona i Krossen, Hægebostad. Saman med andre kona, Gjertrud Knutsdotter Røyseland. Hægebostad, makeskifta han til seg eit bruk på Nerstøl. Dette tapte han ved dom i 1775. I ekteskapet med Anna budde dei på Blåka.
I skiftet etter Ola frå 1785 blei bruket på 11 114 ksk taksert til 225 rdl. Etter at Ola \ar død, tok Anna truleg føderåd hos yngste søstera og mannen. Dei fekk dermed overta bruket. Anna døydde hos denne søstera på Kvåle lille.

Ragnhild Olsdotter Blåka 1745-1802 g 1787 Knut Jonsen Kvåle lille 1761-1818- Familien er ført under Kvåle lille. I 1791 makeskifta Knut bruket på Blåka mot hud i Kvåle, samt 80 rdl i mellomlegg. Han makeskifta med svogeren

Ommund Ånenson Ro, Hægebostad 1754-1803 g 11780 Karen Jonsdotter Kvåle lille 1744-1781. Born:
* Jon 1781-1812  sjå seinare.
Ommund g 11 1782 Asborg Knutsdotter Røyseland, Hægebostad 1758-1829. Born:
* Kari 1782-1843 g 1804 Lars Tjølson Gletne 1781-1866, til Yksendal, Hægebostad
* Knut 1784-1808 d i Flekkefjord.
* Ånen d e f 1787.
* Gunvor 1790-1790.
* Ola f 1791 g Liv Sveinungsdotter Nissedal f 1791, til Syftestad, Nissedal, i 1855 til Holt.

190

* Ånen 1794-1794.
* Ånen d y f 1795 g 1828 Helje Kittelsdotter Oland, Åmli f 1808, til Oland og Risdal, Åmli.
*  Jon 1798-1798.
* Jon 1799-1799.
* Jon f 1800 g 1829 Guri Nilsdotter Steinsland, Bjerkreim f 1810, til Vetteland, Ogna i 1835.
Dei fem eldste borna blei fødde på Kvåle lille.
På skiftet etter Ommund i 1803, blei l 1 1/4 ksk verdsett til 550 rdl. Bruttoeiga i buet var 631 rdl. Eldste sonen hadde til gode 117 rdl i morsarv. Dessutan gjorde Jon krav på 43 rdl i tillegg, men det nekta stemora for. Huslyden hadde ein kakkelomn i stova verds­ett til 10 rdl. Buskapen var seks kyr, ni geiter og fem sauer. Kyrne hadde namna Monri, Bonrei, Silkedokka, Plomma, Engrei og Sølvrei. Ei ku hadde Ommund gitt dottera Kari. Til deling var det att 148 rdl. Enkja Asborg Knutsdotter budde i 1825 på Vatne, men var på Blåka då ho døydde. Eldste sonen overtok bruket.

Jon Ommundson Blåka l781-1812 g i1805 Anna ÅnensdotterTveiten 1778-1806. Born:
* Kari 1806-1807.
Anna døydde i barselseng.
Jon g 11 1807 Mari Olsdotter Bjærum, Hægebostad 1777-1856, enkje etter Ola Karlson Birkeland, Hægebostad. Born:
* Anna-1808-1869, sjå seinare.
* Ingeborg 1810-1834.
Jon Ommundson Blåka, med tilnamnet «Tuen», var ein av dei beste spelemennene i Eiken. Det var skifte etter han i 1814.
Mari Olsdotter g 111 1823 enkjemann Elling Olson Skeie nordre 1754-1829. Born: Nlari 1824-1868 g 1841 enkjemann Anders Ånenson Bryggesåle 1804-1879, til Lista i 1848.
Det var skifte etter Elling i 1830. Eldste dottera Anna og svigersonen tok over bruket. Mari og yngste dottera flytte til Skeie etter at Elling døydde.

L-nr 171 - skylddlr 1-2-1

Anna Jonsdotter Blåka 1808-1869 g 1829 Torjus Andersson Birkeland, Hægebostad 1788-1860. Born:
* Jon 1830-1830.
* Anders (Andreas) 1831-1903 g 1854 Ingeborg Salvesdotter Jødestøl, Bakke 1828­1921, til Ovedal, Bakke.
* Jon f 1833, d liten.
* Trorborg 1836-1869.
* Anna 1840-1914 g 1870 Jørgen Torkelson Sinnes 1842-1915, til Oftedal, Bakke. Sonen Torkel kom til Kvåle.

191

* Jon 1843-1934 g 1870 Inger Torjusdotter Neiland, Fjotland 1849-1941, til Ovedal og Listøl, Bakke.
1 1832 makeskifta Torjus Andersson bruket på Blåka imot 3 eng i Knabeneset, Fjotland. I 1852 flytte huslyden vidare til Ovedal, Bakke. Den nye eigaren kom frå Fjotland.

Ola Larsson Knabeneset, Fjotland 1764-1833 g l 1786 Siri Kolbeinsdotter Salmeli, Fjotland 1750-1804, enkje etter Ola Rolvson Salmeli. Born:
* Ola 1786-1866 g 1815 Inga Jensdotter Fintland, Sirdal 1784-1858, til Hompland.
* Lars 1790-1798.
* Rolleiv 1794-1798.
Ola g 11 1805 Siri Gunnarsdotter Homstøl, Fjotland 1775-1857. Born:
* Siri 1808-1857 g 1843 Simon Andersson Grostøl 1826-1856, til Vasland.
* Kari 1810-1870 (tvilling) g 1836 Torkel Endreson Blåka 1806-1873, til Vik austre. Dei budde her som innerstar og lottbrukarar i 1837-1839.
* Ingeborg 18 10- 1870 (tvilling) g 1840 Eiel Tobias Eielson Li, Lyngdal 1814-1888. til Åmland, Lyngdal.
* Lars 1813-1892, sjå seinare.
Utpå hausten 1832 makeskifta Ola til seg bruket på Blåka og skøytte det for 80 spri til sonen

Lars Olson Blåka 1813-1892 g 1836 Johanne Severine Eilevsdotter Dugan. Kvinesdal 1808-1888. Born:
* Ola 1838-1848.
* Siri 1843-1844.
* Siri 1844-1847.
* Berte Oline 1849-1896 g 1885 enkjemann Anstein Sjurson Skeie søndre 1843-1908. til Vasland.
* Siri 1852-1879 g 1873 Simon Ansteinson Stranden, Hægebostad 1845-1899. til Vasland.
I 1836 fekk Lars ei dotter med Siri Reiersdotter Ås, Grindheim 1817-1869: Elisabeth f 1836 g 1879 Kristoffer Terjesen, Fjære f ca 1844, til Sagebulien, Fjære. Lars Olson makeskifta i 1847 bruket på Blåka mot eit bruk på Vasland med

Steinar Nilsson Neset 1799-1855 g 11 1829 Ingeborg Larsdotter Bjærum, Hæge­bostad 1806-1856. Familien er ført under Neset. Dei flytte frå Vasland til Blåka i 1844. Dei fire yngste borna blei fødde på Blåkai tida 1844 til 1850. Ingeborg Larsdotter og dottera Siri, døydde i tæring, og den minste dottera Maria, døydde i kikhoste. Steinar bygde nytt våningshus på bruket. Det blei halde skifte etter Steinar på Blåka i 1857. Bruket blei taksert til 625 rdl. Det nyoppførte huset var truleg grunnen til den høge prisen.
Mens borna var små og umyndige, blei bruket leigt bort nokre år til

192

Abraham Knutsen Bjærum, Hægebostad 1823-1906 g 1852 Ingeborg Olsdotter Bjærum, Hægebostad 1827-1911. Born:
* Karine 1852-1939, til Kristiansand.
* Tobies 1854-1856.
* Tobies 1858-1939 g 1 1882 Gustavine Johnsen, Kristiansand 1858-1899 g 11 Mat-hilde Knutsdotter Vaboen 1850-1916, til Kristiansand.
* Ola Tobies 1860-1862.
* Elevine f 1867, til Kristiansand.
Abraham kom truleg til Blåka like etter at han i 1856 hadde selt bruket sitt på Bjæ­rum. 11858 er han kalla lottbruker. 11860 finn ein som sjølveigar. Dei to yngste sønene blei fødde på Blåka. Seinare reiste han til Kristiansand og budde der resten av levetida.

Fredrik Knutsen Blåka 1822-1860 g 1852 Abel Ånensdotter Kvåle store f 1821, enkje etter Anen Steinarson Vatne, Eftefjell. Huslyden er nemnt på Grostøl 1853­1856. Born:
* Karl f 1853, til Missouri, USA 1862.
* Ånen f 1856, til Missouri 1862.
* Fia (Fanny) f 1860 g 1887 Elias Torkelson Blåka øvre f 1860, til Aurora, Illinois, USA.
Fredrik Knutsen hadde fått tinglyst bruksobligasjon for 800 spd i 100 år frå Lars Steinarson Neset i 1859, like før han døydde på Vårdal, Grindheim. Truleg var dette for å løyse inn eigedomen.
Abel selde bruket og drog med borna til USA i 1862. Bruket blei overtatt av

Lars Steinarson Neset f 1840 g 1875 Randi Ansteinsdotter Stranden, Hægebostad f 1854. Born:
* Steinar f 1876.
* Ingeborg f 1878, til Illinois, USA 1895.
* Maria f 1881, til Illinois 1897.
* Anna f 1883, til Illinois 1897.
* Olaf 1886.
* Anen f 1889.
* Serina f 1892.
Lars løyste ut medarvingene utan å få tinglyst skøyte på bruket. I 1866 delte Lars Steinarsen frå eit stykke, lnr 171b. Dette selde han til Ommund Jørgensen Ødegård for 280 spd, sjå under ]nr 170b1. Bruket han sjølv sat att med fekk lnr 17 la. I 1875 var husdyrhaldet to kyr og fem sauer. Det blei sådd 1/12 tønne bygg, to tøn­ner havre og tre tønner poteter. Lars greidde ikkje å innfri pantelåna sine og o måtte flytte frå Blåka. Bruket hans var mellom anna i pant for 1200 spd hos Ola Tobiasson Vik austre. Sistnemnte kjøpte bnr 4 i 1898. Lars og familien flytte til Sollid, Hetland.

193

 

 

Lnr 171a -Bnr 4  skyldlr 1-0-1 bnr 4 - Ytregarden  s194