I det følgende har vi plukket ut sitat fra Natur og Miljøfag sortert på ulike emner. Biologiemnene er ikke med siden de er så omfattende og utgjør hoveddelen av de to første emnene. Vi har konsentrert oss om de teknologirelaterte delene av planen siden det har vært et uttalt mål å styrke denne. Utgangspunktet var et ønske om å skaffe en oversikt over endringene i fagstoff fra L97 til L06. Vi har da sortert klippene etter emne og tilført fargekoder etter den fagbaserte strukturen som er vist i tabellen til høyre. Merk at fysikk har to farger (blå og rød), siden det er snakk om to klart adskilte deler som det i undervisninggsammenheng kan være nyttig å skille mellom.
Astronomi&Geologi |
Mekanikk |
Varme/Energi&Miljø |
Biologi |
Biokjemi |
Kjemi |
Lys&stråling |
Elektrisitet&Magnetisme |
L97 hadde en forholdsvis tradisjonell emneoppdeling mellom Biologi, Kjemi og Fysikk, men man brukte ikke disse begrepene. Man brukte i stedet følgende fire hovedemner.
1 Kropp og helse
2 Mangfaldet i naturen
3 Stoff eigenskapar og bruk
4 Det fysiske verdsbilete
De to første er typisk biologiemner. Det tredje er primært et kjemiemne men også geologi og andre fagområde er representert. Det siste er da primært et fysikkemne hvor blant annet astronomi er inkludert.
Her følger så aktuelle klipp fra fagdelen av L97. Disse er da sortert etter den ovennevnte fagbaserte struktur, mens de i L97 var sortert etter klassetrinn som her er nevnt i parenteser: Grunnen til at visse ord og uttrykk er understreket er at disse synes å være de ordene som klareste antyder hva undervisningen skal inneholde. Disse blir da fremhevet i forhold til mer generelle ord og uttrykk.
-over tid observere posisjonen til sola og samanhengen
mellom solhøgd og tid på dagen
-observere månen og ulike månefasar over
tid
-lære korleis årstider, månefasar og tidevatn i ulike kulturar, mellom
anna den samiske, har styrt arbeidet
-arbeide med ein enkel modell for
solsystemet, nokre stjernebilete og korleis dei fekk namn (4. klasse)
-bli kjende med ulike teoriar om utviklinga av universet fram til i dag, sentrale kjenneteikn ved stjerner og galakser, til solsystemet og korleis teknologiske utvikling har verka inn på kunnskapen vår om verdsrommet, til dømes ved bruk av informasjonsteknologi (8. klasse)
-arbeide med spørsmål knytte til nordlys og ulike segner i samband med dette, mellom anna samiske (10.klasse)
-arbeide med døme på norske plante- og dyreartar som har døydd ut
-og gjere seg kjende med korleis
metall vart utvunne og brukte i lokalmiljøet før og no
-lære namn på nokre vanlege mineral og bergartar, undersøkje nokre bergartar
i lokalmiljøet, sortere dei etter lett observerbare eigenskapar og undersøkje
korleis dei blir brukte (5.klasse)
-bli kjende med utvalde stein- og jordtypar gjennom feltarbeid og døme som viser
samanhengen mellom vegetasjon, jordsmonn og bergartar
-korleis fossil blir danna og blir brukte til å forklare utviklinga til dyr og
planter (8.klasse)
-bli kjende med korleis olje, kol og gass blir danna, (10.klasse)
-stimulere sansane og bruke dei bevisst ved
aktivitetar inne og ute i naturen
-samanlikne, beskrive og sortere ulike
materiale etter lett observerbare eigenskapar (1. klasse)
-få sjå at materiale kan formast slik at dei svevar
og sjå døme på teknologisk bruk av det
-undersøkje kva som flyt og søkk i vatn, sjå at
materiale som søkk, kan formast slik at dei flyt, og sjå døme på teknologisk
bruk av det(3. klasse)
-bli kjende med krefter som fører til rørsle eller
hindrar rørsle, og sjå døme på praktiske konsekvensar av det i kvardagen
vår
-lære om bruk av tyngdepunkt, verktstenger og friksjon
(4.klasse)
-planleggje og utvikle enkle modellar for omdanning av energien i rennande vatn til mekanisk arbeid, og gjere seg kjende med korleis menneska har utnytta dette teknologiske før og no (7.klasse)
-måle tid, lengde, gjennomsnittsfart, masse og volum og
bli kjende med måleiningar brukte til dette og SI-systemet
-fastsetje
massetettleiken til stoff og arbeide med teknologisk bruk
av skilnader i massetettleik (8. klasse)
-gjere seg kjende med arbeid, som kraft × veg, og bruke dette for å finne arbeidet og energien som blir brukt i ein aktivitet, og sjå samanhengen mellom utført arbeid og energiinnhaldet i mat (10. klasse)
(Lyd)
-stimulere sansane og bruke dei bevisst ved aktivitetar inne
og ute i naturen (1. klasse)
-utforske ulike lydar inne og ute for å bli kjende med omgrep som blir brukte for å beskrive lyd; lage enkle lydinstrument og bruke stemma for å merke korleis lyd blir skapt ved vibrasjon (2. klasse)
-arbeide med ein enkel modell for øyra, bli kjende med skadar som
kan oppstå på grunn av lyd og støy, og drøfte kva ein kan gjere for å redusere
mogelege skadeverknader
-gjennom forsøk få kjennskap til ulike lydkjelder,
tonestyrke og tonehøgd og gjere seg kjende med korleis nokre ulike
musikkinstrument og menneskestemma lager lyd (7.klasse)
-lære noko om
faste stoff, væsker og gassar og arbeide med frysing, smelting og
fordamping av vatn som døme på det
-få sjå at materiale kan formast
slik at dei svevar og sjå døme på teknologisk bruk av det
-observere og
beskrive ulike vêrfenomen, og måle
temperatur, nedbør og eventuelt snømengd
(3.klasse)
-bli kjende med krefter som fører til rørsle eller som hindrar rørsle, og sjå døme på praktiske konsekvensar av det i kvardagen vår (4. klasse)
-gjere forsøk med forbrenning av stoff og samanlikne med forbrenning
av mat i kroppen
-arbeide med døme på brensel som har vore dominerande opp
gjennom tidene, teknologi brukt til utnytting av brenslet og døme på
miljøkonsekvensar (6.klasse)
-utforske sentrale eigenskapar ved vatn..
-arbeide med en enkel
modell av krinsløpet til vatnet, gjennom forsøk lære om frysing, smelting, fordamping,
kondensasjon og gjere seg kjende med prosessane ved sky- og nedbørsdanning
-planleggje og gjere forsøk for å skilje eit stoff frå ei blanding ved bruk
av fysiske prosessar som å sile, filtrere, løyse og fordampe, og sjå døme
på korleis det blir nytta praktisk (7.klasse)
-gjere forsøk og bruke ein partikkelmodell til å beskrive sentrale eigenskapar ved gassar, væske og faste stoff, faseovergangar og samanhengen mellom temperatur og rørsla til partiklane (8.klasse)
-gjere seg kjende med systemet for tilførsel av elektrisk energi i lokalmiljøet og drøfte ulike måtar for energiøkonomisering i ei hushaldning (9. klasse)
-saman
drøfte seg fram mot ein definisjon om kva energi er, planleggje og gjere forsøk
som viser energiovergangar og ha øving i
å beskrive energiovergangane dei observerer
-gjere seg kjende med fornybare
og ikkje fornybare energikjelder på jorda,
teknologi og framtidsutsikter i høve til energiresursar, til dømes ved
bruk av informasjonsteknologi (10. klasse)
(ikke samlet)
-arbeide med spørsmål om korleis bakteriar verkar på prosessane i kroppen
-lære om dei store smittsame sjukdommane, historia deira, utbreiinga og
korleis menneska har kjempa mot dei
-bli kjende med døme på nokre andre vanlege sjukdommar, årsakene til dei og
korleis kroppen vernar seg mot sjukdom
-bli kjende med korleis den teknologiske utviklinga, til dømes røntgen og
oppdaginga av penicillin og anna antibiotika, har endra sjukdomsbiletet (8.klasse)
-arbeide med spørsmål knytte til foredling av planter og dyr, tradisjonelt og
ved hjelp av moderne genteknologi, og ta opp ulike sider ved forsking og bruk av
genteknologi som gjeld etikk, samfunnsnytte og risiko for helse og miljø
-drøfte korleis kunnskap, forsking og teknologi har endra levevilkåra for
menneska lokalt og globalt (10.klasse)
-lære at alt stoff er bygd opp av mindre delar som vi ikkje kan sjå
-samanlikne, beskrive og sortere ulike materiale etter lett observerbare
eigenskapar
-sjå korleis materiale blir brote lett ned i naturen i motsetnad til tungt
nedbrytbare materiale
-arbeide med kompostbinge som døme på eit forenkla krinsløp, og utvikle noko
forståing for at naturen bruker dei same stoffa om att (1.klasse)
-bli kjende med eigenskapar ved vanlege materiale og knyte
desse eigenskapane til bruk av dei ulike materiala
-bli kjende med kva materiale nokre vanlege bruksting er laga av
(2.klasse)
-arbeide med kjeldesortering, kva ein reknar som avfall, og kva som kan
brukast på nytt
-drøfte avfallsproblem og korleis ein kan redusere mengda av avfall (4.klasse)
-gjennom enkle forsøk erfare korleis oppvarming av stoff og stoffblandingar
kan føre til endringar som kan vere reversible eller vere permanente og føre til
danning av nye stoff
-lære om sentrale eigenskapar ved metall, med hovudvekt på jern, sjå døme på
jern som rustar og bli kjende med metodar for å hindre det
-arbeide med døme på reine metall og legeringar og bruken av dei, før og no
-arbeide med nokre vanlege metallmineral (5.klasse)
-gjere forsøk med forbrenning av stoff og samanlikne med forbrenning av mat i
kroppen
-få erfaring med kva vilkår som skal til for at noko skal ta til å brenne, og
klassifisere stoff og materiale som brennbare og ikkje-brennbare. Få innblikk i
korleis ein brann kan oppstå og bli sløkt, og få trening i førstehjelp ved
forbrenning
-arbeide med døme på brensel som har vore dominerande opp gjennom tidene,
teknologi brukt til utnytting av brenslet og døme på miljøkonsekvensar (6.klasse)
utforske sentrale eigenskapar ved vatn, og gjennom
forsøk gjere seg kjende med kva vatn har å seie for levande organismar
-arbeide med ein enkel modell av krinsløpet til vatnet,
gjennom forsøk lære om frysing, smelting, fordamping og kondensasjon og gjere
seg kjende med prosessane ved sky- og nedbørdanning
-utforske ferskvatnet der dei bur og eventuelle interessemotsetnader ved
bruken
-sjå på enkle prinsipp for transport og reinsing av drikkevatn og avløpsvatn,
før og no (7.klasse)
-bli kjende med vanlege tryggleiksrutinar i rom der dei arbeider med naturfag
-gjennom forsøk øve seg i å klassifisere sure og basiske daglegvarer,
indikator-eigenskapar for fargestoff i planter, pH-omgrepet og metodar for å
fastsetje pH i ei vassløysing
-gjennom forsøk lære om sentrale eigenskapar hjå oksygen, hydrogen,
karbondioksid og butan og propan
-bli kjende med situasjonar i dagleglivet som kan innebere risiko for å bli
forgifta av karbonmonoksid, for at brennbare gassar tek fyr, for fortrenging av
og mangel på oksygen (8.klasse)
-bli kjende med omgrepa atom, molekyl, ion, grunnstoff, kjemisk sambinding og
mekanisk blanding, og døme på atommodellar som har vore presenterte opp gjennom
tidene
-bli kjende med periodesystemet for grunnstoffa og grovinndelinga i metall og
ikkje-metall eksemplifisert ved vanlege grunnstoff
-erfare gjennom forsøk korleis nokre grunnstoff reagerer med kvarandre og
dannar sambindingar med nye eigenskapar
-lære om namnsetjing av enkle kjemiske sambindingar og beskrive enkle
kjemiske reaksjonar med ord
-gjere forsøk som syner skilnaden mellom ei fysisk endring og ein kjemisk
reaksjon
-arbeide med døme på enkle ionesambindingar, og gjere forsøk med leiing av
straum i væske
-gjere illustrerande forsøk med elektrolyse og arbeide med lett observerbare
effektar av elektrolyse og døme på bruk av dette i samfunnet
-gjere forsøk som viser fysiske og kjemiske eigenskapar for nokre metall,
arbeide med bruksområde og døme på utvinning av metall
-arbeide med faktorar som fremjar korrosjon, døme på konsekvensar og enkle
metodar for å hindre korrosjon, og problem som kan komme av bruk av metall og
metallsambindingar (9.klasse)
-arbeide med ein enkel modell av krinsløpet til karbon, bli kjende med
korleis olje, kol og gass blir danna, og bruk av ulike hydrokarbon i industri og
daglegliv
-bli kjende med oljeforureining og metodar som blir brukte ved uhell med
oljeutslepp i vatn
-bli kjende med vanlege organiske løysemiddel og bli kjende med korleis ein
bør handsame dei
-gjere forsøk med fullstendig og ufullstendig forbrenning av fossilt brensel
og plantemateriale og bli kjende med rolla oksygen spelar i forbrenninga, med
forbrenningsprodukt og energiutbytte ved reaksjonane
-gjere forsøk som illustrerer forsuring og kalking av vatn, og bli kjende med
miljøproblem grunna forbrenningsgassar og tiltak for å redusere problema
-bli kjende med eigenskapar ved ulike typar radioaktiv stråling, radioaktive
stoff og mineral og bruk av radioaktive stoff knytte til samfunnsnytte og risiko
for helse og miljø, til dømes ved bruk av dataprogram (10.klasse)
- arbeide med lys, lysbryting og danning av skuggebilete og
få røynsle med at lys kjem frå lyskjelder og går i rette linjer
-sjå kva som
skjer når lys treffer ulike overflater (1.klasse)
-planleggje og gjere enkle
forsøk med lys og arbeide med døme på ulike lyskjelder
-arbeide med praktisk
refleksjon og lysbryting, til dømes bruk av speglar, briller, mikroskop
-lære gjennom forsøk at sollys inneheld ei blanding av fargane i regnbogen
og eksperimentere med ulike fargeblandingar
-eksperimentere med lysbryting og
lys som går frå luft til vatn og omvendt, og bli kjende med konsekvensar det har
for dyr og menneske (6.klasse)
- bli kjende med eigenskapar ved ulike typar radioaktiv
stråling, radioaktive stoff og mineral og bruk av radioaktive stoff knytte til
samfunnsnytte og risiko for helse og miljø, til dømes ved bruk av dataprogram
-bli kjende med døme på ulike slag
elektromagnetisk stråling og kvardagsteknologi knytt til dei
-observere
solspekteret og spekter frå andre lyskjelder og samanhengen mellom lys og
fargar
-gjere forsøk med korleis auga fungerer, med refleksjon og bryting av
lys, og døme på teknologisk bruk (10.klasse)
-bli kjende med sentrale eigenskapar ved magnetar og
materiale magnetar verkar på
-arbeide med praktisk bruk av magnetar og
utvikle enkel teknologi der magnetar blir nytta
-lage og bruke kompass,
gjere seg kjende med jorda som magnent (5. klasse)
-få røynsle med
bygging av enkle elektriske krinsar, og gjennom forsøk skilje mellom elektriske leiarar,
isolatorar og elektromagnetar og knytte dette til bruken av dei ulike
materiala
-beskrive sin eigen kvardag utan tilgang på elektrisitet og gjere
seg kjende med den praktiske rolla elektrisiteten spelar i det morderne
samfunnet
-eksperimentere med hobby-elektronikk og få kunnskap om teknologi
for styring og kontroll(7. klasse)
-bli kjende med sentrale oppdagingar og
oppfinningar knytte til elektrisitet, mellom anna statisk elektrisitet og
oppdaginga av fenomenet elektrisitet
-arbeide med ein enkle modell for
elektron i ein straumkrins og bli kjende med omgrepa straum, spenning, motstand
og energioverføring
-planleggje og gjere forsøk med komponentar i ein enkel
krins, arbeide med symbol for desse komponentane i koplingsskjema, og gjennom
forsøk få innsikt i samanhengen mellom straumstyrke og spenning og bruke
måleiningar for spenning, straumstyrke, motstand og elektrisk effekt
-bli
kjende med sikringsforskrifter ved bruk av elektrisk utstyr og få røynsle med
elektriske koplingar
-gjere forsøk med bruk av elektrisk generator og
transformator (9. klasse)
-bli kjende med døme på ulike slags elektromagnetisk stråling og kvardagsteknologi knytt til dei (10. klasse)