Jula 2002

Dagane fram mot jul går berre så altfor fort .. slik er det kvart år: mykje ein skal prøve å rekke - sjølv om vi er ein liten familie. Jula skal vi feire i Volda dette året også. Vi har det bra og driv med omtrent det same som tidlegare. Vidar kjem heim frå Oslo til jul, og det er nok det vi gler oss mest til no. Han er i militæret dette året. Der er han sjåfør for forsvarets overkommando. Trur han synes det er ein grei måte å avtjene verneplikta på.

Erling driv framleis med sine “hobbyar”. Han sit mykje ved datamaskina - også om kveldane. Han har vore med og starte opp ei interessegruppe for Linux. Det tar mykje tid, men skal visst vere interessant.

Eg arbeider litt for mykje/lite alt etter korleis ein ser det/føler det med ei oppgåve som del av 2. avdeling spesialpedagogikk. Det skal vere eksamen til våren så juleførebuingande er ikkje særleg i rute. Hadde ein studietur til Stavanger ei lita veke i november. Det var kjekt. Elles har det vore ein trist haust fordi far døydde midt i november. Så da var vi i Surnadal i samband med gravferda.

I sommar var vi på Oase i Kristiansand i lag med vener frå Volda. Der budde vi i campingvogna som vi kjøpte i vår. Kjekt var det og å få besøk av gamle vener medan vi var der. På turen til til Sirdal, der mor til Erling bor, var vi innom Sarons dal som vanleg. Vi hadde ein fin skitur/campingtur til Strynefjellet i pinsa, og vi var på tyttebærtur til Skjåk i september saman med noen vener.

I år var det ikkje så mykje jobbing/prosjekt for Erling på Sørlandet. Det vart meir tid til å nyte livet i eigen robåt, særleg for Erling. Vi hadde eit strandhogg i Flekkefjord.

I vår kjøpte eg/vi huset til onkelen min som døydde i januar. Så nå har vi “hytte” i Surnadal og med tilhøyrande oppussingsbehov. No har vi i alle fall nok å dele oss på - så vi får sjå etter kvart kva vi skal prioritere og samle oss om.

Elles er det lett å føle med diktaren av ein gamal julesong:

Vi vil ynskje dykk alle ei riktig god jul og eit velsigna nytt år

Helsing Arnhild & Erling

(registrerer at eg har vorte nynorskskrivar etter alle desse åra i “nynorskland”)